Ordførar Sigmund Lier og varaordførar Ola S. Apeland er på plass i rådhuset. Klokka 21 får det vite resultata av førehandsstemmene. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ordførar Sigmund Lier og varaordførar Ola S. Apeland er på plass i rådhuset. Klokka 21 får dei vite resultata av førehandsstemmane. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

VAL 2019: Ventar spent på resultatet

– No er me spente! Ordførar Sigmund Lier (AP) og Ola S. Apeland (H) ventar på valresultatet i rådhuset. Klokka 21.00 kjem resultatet av førehandsstemmane, og deretter kjem krinsane.

 

 

– Eg sov faktisk godt i natt, men eg er sjølvsagt spent, seier Apeland og rosar kommunen for måten dei har organisert førehandsstemminga på.

Lier er einig.

– Godt gjennomført. Det beste med demokratiet, nikkar han.

Dei to er rekna som dei heitaste ordførarkandidatane, og både Lier og Apeland er klare på at trass i at førehandsstemmane er spennande, er det det endelege resultatet dei verkeleg ventar på.

– Det er vanskeleg å seie om førehandsstemmane er ein peikepinn på valresultatet eller ikkje. Men veldig flott at så mange har stemt. Me får sjå korleis det går. Det blir i alle fall spennande, smiler dei to.