Fredag kjem bandet FemFemten og speler lunsjkonsert i Tysværtunet.
Fredag kjem bandet FemFemten og speler lunsjkonsert i Tysværtunet.

LUNSJKONSERT FREDAG: Endeleg fekk me lokka med oss FemFemten

Fredag kjem bandet FemFemten og speler lunsjkonsert i Tysværtunet. Endeleg vil mange seie. Me også.

Det har gått nokre år sidan først «Prøv Sjøl» og så nystarta FemFemten var å høyre på radio og dans i distriktet. Nå gjer dei eit seriøst comeback og jaktar på spelejobbar. Då er den beste staden å starte på vår lunsjkonsert.
– Ja, ikkje sant. Dette er eit flott tiltak som me gleder oss mykje til å vere med på. Etter at me fekk lov å komme har me faktisk øvd mykje og funne fram sju-åtte låtar som me skal spele, seier Lasse Staurland i bandet som har sitt namn etter vegen der dei bur.
– På norsk?
– På norsk. Som FemFemten speler me berre eigne låtar på norsk. Då me var «Prøv Sjøl» spelte me mykje coverlåtar.
– Bandet har hatt ein del hits og faktisk vore mykje på radio. Får me høyre dei?
– Me hadde ein viss suksess må eg få seie i 2009 då me gav ut albumet « Sjarm alarm» med god hjelp av Lars Kåre Hustoft. Då fekk me gode spelejobbar, og har mellom anna spelt på utescena på Maritim i Haugesund, på Tysværtunet og fleire stader rundt om i distriktet. NRK og Radio 102 viste interesse for oss. Men me tok det ikkje heilt ut, for å seie det slik, sjølv om me har spelt saman alle desse åra. Men me speler framleis ein del av dei mest populære songane frå den tida, seier Staurland.

Turné

I gode gamle dagar var også bandet på det som må kallast ein ultralokal turné.
– Det var til Imsland, Vats, Hervik, Straumen og Førland hugsar eg. Ikkje så langt, men knallkjekt. Det blei mykje coverlåtar den gongen, nå er me tilbake til det norske, og det me har laga sjølv. Det liker me godt og har funne ny giv. Mellom anna har me hatt eit par jobbar i år. Me er perfekt for firmafestar og events. Så me håper sjølvsagt at det dukkar opp noko etter lunsjkonserten, seier gitarist og songar Staurland.
FemFemten er ikkje mindre enn seks mann på scenen. Det vil fylle godt i foajeen.
– Når me fekk ein slik god sjanse til å vise oss fram, så tok me med alle. Dette er stort for oss, og då vil me gjere det skikkeleg. Dei som er med er vikar for trommis Nils Magne Sæbø, Espen Sjo. Ellers er alle originalmedlemmane med og det er; Stig Arild Helgesen, Stig Hop, Andre Håland, Rune Hervik og meg sjølv.

Ingen torsdag utan
Som for Bygdebladet er det torsdagen som gjeld også for FemFemten.
– Det stemmer. Då er det fast øving heime hos Stig Arild og det har det vore i alle år. Nå har me hatt ein konsert å øve fram mot, og det har gitt oss ekstra motivasjon. Me koser oss og liker å spele saman. Det håper me smittar over på folk i salen. Så me seier berre velkommen alle nye og gamle fans av FemFemten. Dette skal bli stas, avsluttar Lasse Staurland.
Meir i vente
I november er det bLEST arrangement i staden for lunsjkonsert, men i desember er me sterkt tilbake med julelunsj med Espen Eriksen og Gunnar Halle. I 2020 kjem først «Levang» før «Glennen» er på plass i februar.
Gratiskonsertane i Tysværtunet er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og kulturhuset.