Ruben Håland frå Førre har saman med ein studiekamerat starta bedrifta NULL, og lansert Nullbåndet som kan avsløre dop i drikkar. 
Foto: Mona Terjesen
Ruben Håland frå Førre har saman med ein studiekamerat starta bedrifta NULL, og lansert Nullbåndet som kan avsløre dop i drikkar. Foto: Mona Terjesen

NYHENDE

Vil minske risikoen for neddoping og overgrep

Ruben Håland frå Førre vil bidra til få ned talet på valdtekter i Norge. Saman med ein studiekamerat har han starta bedrifta NULL, og lansert Nullbåndet som kan avsløre dop i drikkar.

22-åringen frå Tysvær studerer økonomi ved Universitetet i Agder, og går nå fjerde året. For halvanna år sidan skulle han og studiekameraten Olav Gerard van Ditshuizen jobbe med eit prosjekt i faget entreprenørskap. Der skulle dei komme opp med eit produkt, og etter kvart kom dei inn på temaet valdtekt, og særleg i forbinding med fest. Ifølge politiet sine tal frå 2018, var heile 42 prosent av dei meldte valdtektssakene av personar over 14 år, festrelaterte.
– Me kika på tal for valdtekter i Norge, og fann dei uakseptable. Me ønska å komme med eit produkt som kunne bidra til å senke tala, fortel Håland.
Det blei ikkje noko meir av ideen i det nemnte skuleprosjektet, men dei to studiekameratane hadde tanken i bakhovudet i halvanna år før dei like før sommaren bestemte seg for å starte bedrifta NULL, og selje Nullbåndet.
– Namnet NULL valte me fordi dei optimale valdtektstala er null, seier Ruben Håland.

Reagerer på GHB
Håland og van Ditshuizen hadde høyrt om armband der ein kan dryppe litt av drinken sin på eit felt på armbandet, og få svar på om den inneheld dop. Dei bestemte seg for at dei ville selje slike armband.
– Me har tru på at eit slikt armband kan senke valdtektstala, seier Håland.
Armbandet har to testfelt. Om ein er usikker på innhaldet i drikka, kan ein plassere ein dråpe på eit av testfelta. Deretter venter ein to minuttar, og om testfeltet endrar farge, inneheld drikka truleg «valdtektstdop», som ein gjerne kallar stoff som blir brukt i drikkar for å gjere eit offer rusa.
– Armbandet reagerer på GHB, som er eit stoff som blir brukt som «valdtektstdop». Mengda GHB som blei beslaglagt i Norge auka med 25 prosent frå 2017 til 2018, opplyser Håland.
Han fortel at dei også har høve til å etter kvart lage armband som reagerer på andre stoff som blir brukt i «valdtektstdop».
Nokre få drikkar som inneheld ei viss mengd vatn, kan slå ut som eit positivt resultat på armbandet. Her har grunnleggarane av NULL laga ei oversikt på nettsida si der ein kan sjå kva drikkar dette gjeld.
– Her kunne me kanskje vurdert å lage ein app for å gjere det meir tilgjengeleg, seier Håland.
– Kva gjer ein dersom ein testar drikka si og det slår ut positivt på testen?
– Då ville eg i alle fall ikkje ha drukke det. Ein kan også melde frå til for eksempel bartendaren der ein er. Me håpar også at armbandet kan ha ei avskrekkande effekt, slik at ein ikkje vågar å ha dop i drikkane til folk om ein ser armbandet, seier Håland.

Store framtidsplanar
Etter eit halvår med mykje bygging av merkevare og nettside, der dei to grunnleggarane har gjort alt sjølve, var det frå november mogleg å kjøpe Nullbåndet på nettsida til NULL.
– Me har fått mykje god hjelp av UiA Nyskapning som har rettleia oss. Me har fått mange gode tilbakemeldingar frå vener og kjende, og responsen har vore utelukkande god. Nå har me fått selt ein god del armband, seier Ruben Håland.
Grunnleggarane bak NULL og Nullbåndet, har ingen planar om å gi seg her.
– Dette er det første produktet vårt. Det kjem fleire, og me har mange planar framover. Me vil til dømes informere meir om valdtekt, då me meiner at det blir gitt for lite informasjon om det til spesielt unge i dag. Me vil gjerne til dømes formidle meir informasjon til russen, fortel Håland.
Dei to studentane har ikkje som mål å bli rike på bedrifta si.
– Det viktigaste for oss er å nå ut til folk. Me kunne hatt høgare prisar, men har valt å halde dei låge for at flest mogleg skal få nytte Nullbåndet, seier Ruben Håland.
Det er ikkje til å stikke under stol at det er travelt å både drive bedrift og vere student, og Håland seier at det absolutt med tida vil vere aktuelt å bli fleire i bedrifta NULL.

Ruben Håland og Olav Gerard van Ditshuizen.