Glenn Rand
Glenn Rand

Lang, lang veg frå Grodås til lunsjkonserten

Glenn Rand eller «Glennen» er neste mann ut i våre lunsjkonsertar. Det har vore ein veg å gå før han neste fredag står på scena i kulturhuset.

21. februar i 2020 har lenge hatt ein raud ring på Glenn Rand sin kalender. Det er dagen då han endeleg slepp til i våre populære lunsjkonsertar. Første gong me trefte på den sympatiske læraren frå det som før heite Sogn og Fjordane, var han ikkje sein om å takke ja. Me likte musikken og han likte konseptet lunsjkonsert.
– Det er utruleg kjekt at eg kan få denne sjansen. I det siste har eg vore oppvarmar for ei rekke med artistar. Det å ha ein eigen konsert blir stort, og ei god trening for meg, seier Rand.
På scena får han med seg Lars Johannes Liknes og Andreas Peterson, begge med brei erfaring frå det lokale musikklivet, og som tidlegare gjester under våre lunsjkonsertar.
– Det å få dei med på laget gjer at eg kan utvikle songane mine vidare. Lars Johannes kjem alltid godt førebudd og har ein flott musikalsk teft. Andreas har øyre for det me gjer og kjem raskt med gode innspel. For meg som tidlegare har vore aleine heime i studio er dette heilt fantastisk, seier «Glennen».

Nytt
På konserten kjem det meste av det han har presentert bit for bit tidlegare, i litt nye arrangement. «Mine Auge» er det ein del som har fått med seg og likar godt, men det blir også ein premiere.
– Det blir det. Den nye songen er den einaste songen eg speler heilt aleine. Ein annan song, «Bak skya», har fått seg gitarsolo, og me har litt string her og der. Nei, eg trur folk som har følgt meg vil høyre ei utvikling. Dei som aldri har høyrt meg vil få servert melodiøse visesongar med tekstar dei vil kjenne seg igjen i. Dette har eg stor tru på, og det hadde vore skikkeleg stas om mange fann vegen.

Varma opp
Etter å ha varma opp for artistar som Tom Roger Aadland og Elin Furubotn begynner Glenn Rand å få erfaring med publikum. Seinare i vinter skal han varme opp både for Kvednabekkjers og Levang.
– Kva tenkjer du om publikummet i Tysværtunet midt på dagen på ein fredag?
– Eg har dessverre ikkje klart å få fri frå jobb tidlegare, men har høyrt så mykje skryt om publikummet og desse konsertane. At ein sit tett på er berre ekstra stas. Eg jobbar som lærar på Frakkagjerd ungdomsskole og der har me brukt ein del av musikken min i undervisninga. Me har også klart å gjere det slik at klassen eg har i musikk kan få komme hit neste fredag, og vere med i salen. Det er ekstra spesielt for meg, for eg meiner me har fått mykje ut av musikken i skulen, seier Glenn Rand.
– Så du har sikra deg publikum allereie?
– He, he. Ja, ein kan seie det slik, men det var litt viktig for meg at dei fekk komme. Elles ser og høyrer eg at musikken min allereie betyr ein del for mange. Å lage jordnære tekstar om livet, kjærleiken og dei utfordringane me har, treff folk. Målet er sjølvsagt å få spelejobbar og då er dette ein fin sjanse til å prøve det ut. Eg merka på øvinga sist at dette er noko med gleder oss til alle tre.

Nedpå
I ein travel kvardag er musikken til «Glennen» herleg nedpå. Me sitt karaterisktiske sognamål er han ei forsiktig utgåve av Olav Stedje på det rolegaste. Likevel har han allereie klart å sette sit stempel på det, og «Glennen» er umiskjenneleg der han står på scena med sitt panneband og sine tatoveringar.
– Men kva driv denne «Glennen» med til dagleg?
– Som sagt er eg lærar. Eg har ungar heime som eg stortrivst med, og eg er i ferd med å vidareutdanne meg. Så det er ein stram timeplan der eg også må finne plass til øvingar og komponering.
– Kor dukkar songane opp?
– Det skjer eigentleg over alt. Eg er ikkje ein som set meg ned med gitaren og seier til meg sjølv at nå lagar eg ein song. Eg ser og høyrer ting, som eg bygger vidare på. Det gjer at songane mine blir personlege, seier artisten som bur på Førland.
Nå kan berre ikkje dagane gå fort nok til 21. februar. Då skal endeleg «Glennen» få skine i spotlighten i Tysværtunet. Det er fullt fortent.

Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus, og er heilt gratis. Me startar opp klokka 11.30.