Solfrid Molland er ute med ny plate. Foto: KKV
Solfrid Molland . Foto: KKV

Fikk du med deg denne? Legg rundt oss ei kappe av håp

I ei tid som for mange kjennest litt håplaus, kjem Solfrid Molland med heilt ny musikk, med ein tittel som bringer håp. «Håpets Kappe» er ei musikalsk fortelling om tre heilage rom og jorda vår.

Endeleg kjem det eit nytt album med Solfrid Molland og hennar mange spennande musikarar, og tekstforfattarar. Det skulle sjølvsagt ha vore stor-stå-hei og konsertar i kjølvatnet av albumet. Slik blei det ikkje, men håp treng verda kanskje meir enn nokon gong.
– Konsertane og samtalane me skulle hatt på ni stader nå i vår er nok det minste ein skal bekymre seg for. Det er heilt spesielt. Nå er eg i den situasjonen at eg har reist mykje, og møtt mange som har det mykje vanskelegare enn oss. Det er forferdeleg å tenkje på alle dei som ikkje har det nettverket som me tross alt har i Norge. Me får krysse fingrane for dei også, seier Molland.

Berre ei jord
Når Solfrid Molland er plateaktuell igjen så er det ei plate som tar for seg religionar på tvers av tru, og ikkje isolert.
– I dei store verdsreligionane sine heilage skrifter finn me eit freds- og kjærleikbodskap og sterke tekster om å ta vare på skaparverket. Det nye albumet består av tre nye komposisjonar dedikert til ein synagoge, ein moské og ei kyrke. I tillegg har eg
tekster om fred frå tre religiøse tradisjonar forma til songtekstar av Erik Hillestad. Me har mange ulike religionar, men berre ei jord. Å stå opp for jorda vår saman, uavhengig av tru og livssyn, er den bærande ideen bak plata mi, fortel Solfrid Molland.
Du fortel at du reiser mykje rundt, opplever menneske, høyrer forteljingar og tar desse med heim og utfordrar tekstforfattarar.
– «Håpets kappe» består av sju songar, og tre instrumentalkomposisjonar, som er inspirert av Oslo Domkyrkje, Synagogen i Oslo og Moskeen Islamic Cultur Centre på Grønland. I tillegg har me med ein norsk, ein jødisk og ein arabisk folkesong. Tolkinga av tekstar frå dei tre religionane sine heilage skrifter, beskriv eit humanistisk bodskap om å leve saman i fred, og ta vare på naturen. Eg har fått trua på at det går gjennom tekstar både frå Koranen og andre skrifter, seier tysværbuen, som no bur i Oslo.

Utsett
Konserten i Tysvær kyrkje er utsett til hausten.
– På den konserten skulle me spelt frå plata og snakka om utfordringane, men også fellestrekka som er i religion. I det offentlige ordskiftet om tru og livssyn blir det ofte fokusert på ulikhet. Dette kan vere viktig for å sjå dei utfordringar som er, og unngå at det ein er ueinig i blir skyvd under teppet. Men i ei tid kor landet vårt blir stadig meir fleirkulturelt og fleirreligiøst, er det også viktig, meiner eg, å fremme felles arv, verdiar og det som tross alt er eit ulikt utgangspunkt, seier Solfrid Molland.
– Korleis vil du at lyttaren skal tilnærma seg plata? Det er mykje å få med seg her.
– Eg trur mange vil lytte til musikken, før dei begynner å lese frå bokleten og tekstane som står der. Eg er eining i at dette er mykje som skal takast inn, men samstundes trur eg mange både kjenner seg att, og blir litt overraska over det dei høyrer. Ein trur ofte så mykje, utan at ein har sjekka kva som er sant og usant. Målet mitt med «Håpets kappe» er både å spreie litt kunnskap, og å skape litt håp. Plata er blitt til med midlar frå Statsstipendet eg fekk i 2017, og er ei slags oppfølging på albumet «Forvandling» frå 2016. Men plata står for seg sjølv på mange måtar, sjølv om innhaldet spriker litt.
– Kven er med på plata?
– Musikarane som deltar er forutan eg som syng, speler piano og trekkspel,
Hayden Powell (trompet), Mats Eilertsen (kontrabass), Aziz Kossai (oud/vokal) og Daniel Lazar (fiolin). Me har også med ein tekst av godt kjende Ingvar Hovland, og som sagt tekstar av Erik Hillestad i Kyrkjeleg Kulturverkstad, som også har gitt ut plata. Eg lovar at lyttaren både blir utfordra og inspirert, og til hausten ser eg fram til å komme heim. Det skal bli kjekt, seier Solfrid Molland.
Plata kjem ut i morgon.