Søppelbøtter påtent ved Frakkagjerd ungdomsskole for tredje gong på kort tid

Rektor ved Frakkagjerd ungdomsskole, Monica B. Andersen, er svært bekymra.

Onsdag fekk Andersen telefon om at nokon som trena på kunstgraset nedanfor skulen kjente lukt av brann. Dei sprang opp trappa og fekk sjå at søppelbøtta ved skulen sin hovudinngang stod i full fyr.

– Dei som trena hadde nøklar til å komme seg inn på skulen så dei fekk henta vatn. Det var også begynt å brenne i buskane rundt søppelbøtta, seier Andersen.

Det er tredje gong på kort tid at søppelbøtter ved Frakkagjerd ungdomsskole blir sett fyr på.
Foto: Privat

Ho fortel at dei som var på staden etter kvart fekk sløkt brannen, og kontakta Andersen. Ho køyrte til skulen for å sjå at alt var heilt sløkt, og rydda litt opp. Andersen seier at ho har kontakta politiet, og at forholdet blir anmeldt.

– Politiet sine patruljar vil i løpet av langhelga køyre innom området og sjå, seier ho.

Det er tredje gong på kort tid at søppelbøtter rundt skulen blir påtent, og rektoren er svært bekymra.

– Kven som held på med dette kan umogleg vere klar over dei enorme konsekvensane ein brann kan få. Eg ber innstendig om at dette blir snakka om, seier Monica B. Andersen.