Lido er tilbake med ny musikk. En hel plate med 12 sanger er på vei fra multikunstneren fra Tysvær og LA. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Lido er nominert til Spellemannprisen for 2020. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate frå multikunstnaren: Ingen grenser for Lido

Lido er ute med eit nytt album kalla «Peder». Og for å seie det slik, det er tittelen som er lettast å sette i bås.

For når multikunstnaren frå Espevik og LA slepp ny musikk så sprikar det i alle retningar. Og for dei fleste av oss i gode retningar. Peder Losnegård har aldri blitt ståande fast i nokon musikals bås. Han prøver på alt, og har den gode evna at han får det meste til. Plata «Peder» er ein miks av fleire av stilartane han har klart å skape seg eit namn gjennom og ikkje uventa har han plukka me seg kremen av kremen på plata.
Plata som på ein måte er delt i to og som tar for seg karrieren, eller inspirasjon frå karrieren har litt av ei skryteliste.
For albumet inneheld ei rekke samarbeid med profilerte gjester; blant anna popikon JoJo, som har vokalen på låta «University;» samt R&B-artist Col3trane og rappar Ebenezer som begge er med på «Grouptext.» Plata inkluderer også samarbeid med Brandon Arreaga (frå PRETTYMUCH), Heavy Mellow (produsent for Juice WRLD, Gunna, og fleire) Santell og Mulherin.
Og med den gjengen i og rundt produksjonen, ja så får ein kvalitet.

Låtar som «How To Do Nothing», «Layaway » og «Rise» fenger også ein «gamal mann» som meg

Men for kven?
Då me fekk høyre plata første gongen i januar med Lido live til stades, fortalte han ein historie knytt til songane og plata. Og det er nok ei plate som godt kan nyast i fleire settingar. For det er inga tvil om det musikalske, det er leikent, det er overflod av stemningar og lydbilete. Det er musikk som gjer deg glad, eller får deg til å tenkje. Ikkje minst over kva dette multitalentet tryllar fram i studio. Joda, eg skal vere ærleg å seie at ikkje alt som er samla her kjem til å gå runde på runde på spelaren, men låtar som «How To Do Nothing», «Layaway » og «Rise» fenger også ein «gamal mann» som meg.
Albumet er på mange måtar ein signatur på Lidos kunstneriske alternative produksjon og då skal ein lytte og plukke musikkstykke med det i tankane. Det er trådar ein kan følge, men mest av alt er dette musikk som ein kan bli inspirert av. Inspirert også til å utfordre seg sjølv, slik som eg blei.

Alf-Einar Kvalavåg

NY PLATE

Terningkast 5

Lido
«Peder»
Universal Music
Låtar: Yellow Bike – Intro, Rise, Please Fasten Your, Seatbelt, Grouptext, Layaway, 5 songs – Interlude, Part Time, University, How To Do Nothing, BEST4U, Postclubridehomemusic, Pure/Santiago
Sept. 2020