Skjermbilde 2020-09-22 kl. 14.32.58

Espen Eriksen Trio: Heilt rett på rett tid

Grindebuen Espen Eriksen har laga ny musikk. Sjeldan har det vore så perfekt timing som no.

For når han og trioen leverer si femte plate, End Of Summer, er det musikalsk godlyd som verkeleg tar opp i seg mykje av den frustrasjonen, og det saknet som er i kultverda om dagen. Det er musikk som på mange måtar er nydeleg å berre sitte og lytte til, men også låtar som tåler å bli spelt høgt, og kor ein kan jakte på soloparti i nyansar ein ikkje treng vere proff for å kunne ha utbytte av.

Eg har følgt trioen i dei 13 åra det har gått sidan debuten i 2007. Eg har hatt mine favorittar, og har aldri glømt at Eriksen allereie på debutplata klarte å lage ein hit med låta «Anthem». Etter som åra har gått har nok fokuset på enkeltlåtar fått mindre plass, for det er nok for dei fleste det varierte og solide samspelet som har tatt over. Ein sit nærast og ventar på at Lars Tormod Jenset skal begynne å utfylle Eriksen og hans flygel, for å gli over i solospel så nært, bra og stødig at ein må trykke på repeatknappen fleire gonger. Og bak dei to, som ein levande vegg sit Andreas Bye. Som eg har sagt før, den mannen slår ikkje på trommer, han speler, eller tryller. Vel sjølv. Totalt blir lyden frå desse tre dyktige musikarane eit lydbilete som er spennande, og heldigvis også tidvis utfordrande. Dette er pianobasert jazz som er lett å like og som ikkje provoserer på nokon måte, men likevel. Det er ei vandring i detaljar og herlege lydopplevingar.

Musikalsk er det noko heilt spesielt over det. Det er på ein måte fullt av melodiliner og samklang, men likevel på ingen måte overfylt

Andreas Bye, Espen Eriksen og Lars Tormod Jenset er Espen Eriksen Trio.


Musikalsk er det noko heilt spesielt over det. Det er på ein måte fullt av melodiliner og samklang, men likevel på ingen måte overfylt. Låtar som «Where The River Runs» og «Transparent Darkness» er gode eksempel på det. Det er variert, men på same måte noko Eriksen «himsligt» og trygt. Og det er kanskje i dei trygge rammene at trioen leverer best. Der kan dei trygt boltre seg og leite etter sin trygge stil. Det er femte gongen dei gjer det på plate, og det held framleis i massevis. Det er ei plate som surrar og går heime hos meg, og eg høyrer stadig noko nytt.
Etter å ha gitt ut musikk saman med Andy Sheppard i 2018 er dei nå tilbake til trioformatet. Det er ikkje eit tilbakesteg, for å seie det slik. Dette er ei av dei best produsert og spennande utgivingane innan norsk jazz i 2020. Garantert.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 5

Espen Eriksen Trio
End Of Summer
Espen Eriksen – piano
Lars Tormod Jenset – bass
Andreas Bye – trommer
Songar: Where The River Runs, Back To Base, Dancing Demons, End Of Summer, Transparent Darkness, A Long Way From Home, Reminiscence
Utgitt på Rune Grammofon
Sept. 2020