Ein medarbeidar ved Haugesund sjukehus har fått påvist Covid 19-smitte. Førebels er 7 pasientar og 13 medarbeidarar i karantene.
Vedkommande var på jobb i helga, og gjekk og testa seg søndag kveld, etter å ha fått symptom. Prøvesvaret måndag kveld viste at vedkommande er smitta av Covid-19.
Smittesporing pågår i tett samarbeid med Haugesund kommune.
– Medarbeidaren har følgt våre rutinar i høve til smittevern, seier adm. dir. Olav Klausen i Helse Fonna.
Førebels har ikkje denne hendinga gått ut over drifta ved sjukehuset.