Gunn-Marit Lygre - SEKSJONSLEDER - Psykisk helsetjeneste Tysvær kommune
Gunn-Marit Lygre - er på toppen av Krf-lista i Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ingen er berre det du ser

Veldig mange av oss, for ikkje å seie alle, vil i ei eller anna grad oppleve psykiske vanskar i løpet av livet.

Gunn-Marit Lygre – SEKSJONSLEDER – Psykisk helsetjeneste Tysvær kommune

Alle har ei psykisk helse. Det er når psykiske vanskar verkar inn på kvardagen vår over tid og påverkar livet og relasjonane våre i barnehage, skule eller arbeid at vi oftast treng hjelp til å meistre det.

Psykiske vanskar kan ha mange uttrykk og ha ulike årsaker. Likevel – vi veit at mobbing, krenkingar, overgrep og vold er direkte eller indirekte årsak til at mange lever med alvorlege belastningar som gir dårleg helse, og for mange alvorlege traume. Slike opplevingar i oppveksten kan sette spor i kroppen eit heilt liv. Også seinare i livet kan ein oppleve dette med eventuelle alvorlege negative konsekvensar for liv og helse.

Inkluderande og gode haldningar og handlingar kan være med å motverke mobbing, trakassering og krenkingar. Det er framifrå bra samfunnsøkonomi og livskvalitet å legge til rette for gode oppvekstvilkår og god folkehelse. Det er viktig å førebyggje at slike ting får skje. Alle har vi ei avvergeplikt. Spør varsamt ekstra etter, om du er urolege for nokon. Ta kontakt med helseteneste, barnevern eller politi, om du treng hjelp og/eller veiledning.

Psykisk helseteneste
Når innbyggjarar i kommunen har behov for målretta rus- eller psykisk helsehjelp kan ein kontakte fastlege, psykisk helseteneste i kommunen eller spesialisthelseteneste. Interkommunale tilbod på Haugalandet som Veiledningssenter for pårørande, Krisesenteret og Familievernkontoret gir også uvurderleg hjelp på kvar sitt felt.

Psykisk helseteneste treng ikkje tilvising frå lege, ein kan vende seg direkte eller via Ressurs- og tenestekontoret i kommunen, tilbodet er gratis. Tenesta prioriterer helsehjelp etter behov for alle aldersgrupper, men har særleg fokus på barn, barn som er pårørande eller vaksne som har mindreårige barn. Brosjyre finn ein på nettsidene til kommunen. Tenesta har erfaringskonsulent, miljøarbeidarar, psykolog og terapeutar med ulik helse- og sosialfagleg bakgrunn med aktuelle og kvalifiserte vidareutdanningar.

Kontaktgrunn kan til dømes være symptom på angst, depresjon, avhengighetsproblem, sjølvskading, sjølvmordstankar, spiseforstyrring, krise eller belastningar. Forståing, hjelp og støtte til å meistre dette, kan redusere vanskar, konsekvensar og forkorte sjukdomsforløp.

Rask psykisk helsehjelp
Tenesta arbeidar etter prinsippet om «Rask psykisk helsehjelp» – om enn dessverre med redusert kapasitet no i pandemien. Dette er lågterskeltilbod med ulike typar psykoterapi som til dømes terapeutiske samtalar, kognitiv terapi, eksponeringsterapi og psykoedukasjon.
Over nyttår planlegg vi «Dropp-inn kurs i psykisk helse» med tema angst, depresjon, søvn, sjølvbilde/ grenser. Annonsering kjem.

Psykososial kriseoppfølging er eit prioritert arbeid, oftast iverksett av nødetatar, samarbeidande tenester eller leiinga.

Hjelp over tid
Å ha ein verdig stad å bu og ha ein meiningsfull kvardag er viktig for alle menneske. Personar med samansette og langvarige behov for tenester får tilbud i ROP-team. Ressurs- og tenestekontoret fattar vedtak etter lov, brukarmedverknad, individuelle behov hos søkjar, og i samarbeid med tenesta. Tenesta gir psykisk helsehjelp, rushelsehjelp, praktisk bistand og opplæring på individ og gruppenivå, og administrerer noko LAR-utdeling. Pandemien har utfordra oss, vi har måtta redusert nokre tilbod, men har auka mulighet for måltid for sårbare. Svært godt mottatt, måltid og fellesskap er sentralt.

På nyåret startar tenesta Recovery-kurs for personar med langvarige vanskar. Tenesta er også i samarbeid med Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna om Fleksibelt ambulerande behandlingsteam (FACT LAR og FACT Psykose).
Ulike terapeutiske meistringsgrupper med fokus på sosial ferdighetstrening, fysisk aktivitet, kosthald og nettverksbygging held fram. Dette er eit svært viktig tilbud for fleire og veldig god hjelp til sjølvhjelp.
«Å sjå ein gong til».
Respekt for kvarandre skal vi ha, prøve same korleis det ser ut. Vi treng det for å leve godt, alle. Å skape noko saman med frivillige, næringsliv, lag- og organisasjonar har framtida for seg, og kommunen arbeidar målretta med det. Ber nokon på tankar om dette, går det ann å ta kontakt.

Håp
Det finnest alltid eit håp om å få det betre. Livet går opp og ned, snakk om det. Ta kontakt med nokon som kan hjelpe. Mykje kan ein hjelpe seg sjølv med ved å lære seg gode meistringsverktøy.