Muddy Young held seg i Oslo og ventar som oss på betre tider.
Muddy Young held seg i Oslo og ventar som oss på betre tider.

Koronaen stoppar lunsjkonsertane

Fredag 29. januar skulle me hatt årets første lunsjkonsert. Slik blir det ikkje.

Tysværtunet er ein av få arenaer som er godkjent for konsertar om dagen. Med faste seter og svært strenge smittekrav så har det vore ein trygg stad å oppleve mellom anna kino og våre lunsjkonsertar.
Men den aller første lunsjkonserten med «nye» Muddy Young» den 29. januar, er avlyst.
– Me skulle heim og spele i Tysværtunet og i Etne, men då kulturnatt i Etne blei avlyst, så tok me teiknet og vel å bli her i Oslo. Kanskje ikkje den beste tida å reise rundt nå, seier dei to karane i «Muddy Young».
Men dei lovar å komme sterkt tilbake når ting kjem inn i normalen igjen.

Tøft
Fleire av artistane som har blitt invitert, eller som har invitert seg sjølve, har bede om det same. Om ein liten timeout. Det er tøffe tider, og fleire av dei har ikkje fått spele saman med bandet sitt på mange månadar. Betre blir det heller ikkje nå når dei fleste konsertstadane i Haugesund nærast over natta har blitt stengde, med full skjenkestopp.
Sjølv om konserten med «Muddy Young» er avlyst så vil tilbodet til lokale artistar stå ved lag. Skulle nokon artistar lese dette og ha eit ønske om å komme, så kan dei ta kontakt med Tysvær Bygdeblad. Det er satt av fleire datoar utover vinteren, men som sagt så har ein stor forståing for at ein må avlyse på kort varsel.
– Det me i kulturhuset kan love er at me gjer alt som er i vår makt for at å besøke oss er så trygt som det kan bli. Me har faste seter og strenge reglar for korleis me vaskar og spritar mellom kvar framsyning. Storsalen er godkjent for 200, og det er ikkje endring i den siste oppdateringa frå regjeringa. Det betyr at dei salane som er godkjent og opne, ikkje blir sett på som ei smittekjelde, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.
2021 er det sjette året med lunsjkonsertar i Tysværtunet. Tom Roger Aadland opna det heile for nøyaktig seks år sidan. Espen Eriksen og Gunnar Halle spela inn jula i den siste rett før jul.
Konsertane er eit samarbeid mellom Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad.