Under hovudparolen Vindkraft - eit folkehelseproblem heldt Hildegunn Flengstad som er leiar i Nei til vindkraft i Tysvær, ein sterk appell. Foto: Arild Vargervik
Under hovudparolen Vindkraft - eit folkehelseproblem heldt Hildegunn Flengstad som er leiar i Nei til vindkraft i Tysvær, ein sterk appell. Foto: Arild Vargervik

Vindkraft – eit folkehelseproblem

Måndag var det ei ny markering framføre rådhuset. Det var apell og besøk av mellom ander ordføraren

INNSENDT: Av Synnøve Bredal Bjelland

Under hovudparolen Vindkraft – eit folkehelseproblem heldt Hildegunn Flengstad som er leiar i Nei til vindkraft i Tysvær, ein sterk appell ved rådhuset måndag kveld, 15. februar 2021. Arrangementet var ledd i nasjonal markering mot vindkraft, og liknande samankomster skjedde over heile landet. Motstanden aukar! Dette handlar ikkje minst om eit intensivert fokus på helseplager som folk opplever direkte på kropp og sinn, og som ikkje er analysert på førehand.

Ho fekk følgje på talarstolen av ordførar Sigmund Lier. Han har alltid ønska seg eit «Speakers Corner» og no har vindkraftmotstandarane definert eit slikt område like ved Tysvær-hegren. Det vil nok bli brukt i framtida òg. Omkransa av plakata og banner, faklar og flagg takka Lier for engasjementet. Han la vekt på at dette har direkte politisk betydning og kunne orientera om rådmannen sitt krav til vindkraftindustrien som vil bli lagt fram fram på kommunestyremøtet i kveld. Utbyggjar må gjera skikkelege konsekvensutgreiingar av helsemessige aspekt knytta til støy, høgintensive blinkande lys, visuell forureining, sorg over naturtap, høgt konfliktnivå og splittelse i bygder og familiar, verditap på eigedom osb.

Det er vindkraftselskapa sjølve som har ansvar for å få utført slike analyser, men det har ikkje skjedd. Kravet er at dette blir utført av fagpersonar med høg integritet og kompetanse. Ein må ikkje setja bukken til havresekken nok ein gong.

Ordførar Sigmund Lier.