Bjørn Berge er plateaktuell med «Heavy Gauge», ei plate fansen har venta lenge på.
Foto: Kim Edgar Bachel
Bjørn Berge er plateaktuell med «Heavy Gauge», ei plate fansen har venta lenge på. Foto: Kim Edgar Bachel

Bjørn Berge med ny plate: Når gitarheltar får leike seg

Dei fleste store gitaristar har sin faste skare som ikkje kan få nytt material raskt nok. Denne veka blir mange Bjørn Berge-fans tilfredstilt.

Bjørn Berge er i godt humør der me treff han på telefon berre timar etter at gitaristen har servert oss sitt 13. studio album, «Heavy Gauge».
– Det er utruleg kjekt å kunne sleppe dette albumet nå, midt i den spesielle tida vi har rundt oss. I ein kvardag prega av avlysingar og tøffe tak, så er dette eit livsteikn på kor eg står akkurat nå. Det er eit typisk Bjørn Berge album, men likevel litt annleis enn tidlegare. Eg har prøvd å samle ni låtar som viser bredda i det eg driv med. Sjølv likar eg all type musikk, og det håper eg ein kjenner att i dette albumet, seier Berge.
For det er ikkje lett å vere Bjørn Berge heller. Med heile Europa og Nord-Amerika som si musikalske leikegrind har det blitt lite speling det siste året.
– Etter å ha vore med ein periode i Vamp der det alltid var ei lang liste med speljobbar som venta, skulle eg nå for fullt ut og erobre gamle jaktmarker igjen. Eg har eit godt publikum i fleire europeiske land og hadde planar om ein ny tur til andre sida av Atlanteren. Nå har dei begynt forsiktig å booke med håp om å kunne sleppe til nokre artistar i oktober-november, men eg veit ikkje heilt kva eg trur. Når ting er så usikre så kjennest det godt å kunne sleppe eit album med heilt nye songar eg har skrive sjølv, med god hjelp av amerikanske Ellis Del Sol.

Me har meldt plata og kva me synast kan du lese her: https://tysver-bygdeblad.no/2021/02/18/under-lupa-det-perfekte-gitaralbum/

Håp
Berge har jobba lenge med plata som nå kjem både på CD og vinyl. Den skulle ha komme i fjor, men då koronaviruset kom og stengte ned, ville Berge vente. For fansen er ventetida endeleg over.
– Fortel litt om prosessen…
– Dette er songar som er prega av musikksmaken min. Dette er 100 prosent ekte Bjørn. Eg tok ein del songar med i studio og fann ut at det mangla litt på eit par av dei. Difor inviterte eg trommeslagar Kim Christer Hylland med i studio. Me følte oss litt fram og spelte gjennom ein del songar. Kanskje det er ein klisjé, men me fann tonen og det blei skambra. Samstundes så fann me låtar der det ikkje passa med band. Men det var ein spanande måte å jobbe på.
– Korleis er det å by på eit så pass bredt album når ein eigentleg er «blues Bjørn».
– Det fine er at her kan eg vere «blues Bjørn», sjølv om eg hatar å bli plassert i bås, men også vise fram ein flørt med både litt meir pop og metall. Det gjekk vel opp for meg i åra med Vamp at eg likar å bli utfordra på all type musikk. Men i botn ligg det naturlege og reine, aleine med gitar. Det er slik eg lager musikk. Det hender at eg brukar ein liten trommemaskin og litt digitale hjelpemiddel, men stort sett er det meg og gitarane, seier Berge.

Det fine er at her kan eg vere «blues Bjørn», sjølv om eg hatar å bli plassert i bås, men også vise fram ein flørt med både litt meir pop og metall

Leikent
«Heavy Gauge», som også er namnet på eit merke med stålstrenger, er på mange måtar eit leikent album. Det er via mykje plass for fansen og dei som likar Berge sin kraftfulle måte å spele gitar på, og ikkje minst hans djupe og særeigne stemme. Det er som me sit på ein sveitt bar i Texas når han drar i veg på det beste.
– Eg har stor respekt for mine fans og les alle tilbakemeldingar eg får. Dei har sine ønske, og dei er tydelege på kva dei vil ha. Sjølv om eg prøver å utvikle meg og søke mot nye sjangrar, så skal det vere det originale i botn. Eg har også med meg det tradisjonelle basslokket eg stampar på, men merkar at lyden der er blitt nokre lysare med åra, smiler Bjørn Berge.
Berge fortel vidare om fansen, spesielt den i Sør-Europa, dei som er så fasinert av norsk gitarspel, metal og store tunge norske rockeband.
– Dei har greie på det, og har store forventningar til det me presenterer. Så når eg får tommel opp frå den fanskaren, veit eg at eg har lukkast. Det er rart med det, men spenninga i kroppen er der framleis når ein slepp ei ny plate. Før gjekk ein kanskje og grugleda seg til ei melding i VG eller Dagbladet. Nå er slikt ein saga blott, sjølv om fans las slikt med lupe og lommelykt. Men slik er det berre. Det er nye plattformar å ha kontakt på. Men sjølv etter 13 plater er eg audmjuk. Fansen betyr enormt for meg og det er difor eg saknar så mykje å komme meg ut og spele live.
– Korleis blir denne plata live?
– Det skal bli spennande. Ein del av songane har nok eit litt annleis lydbilete om eg reiser rundt med eit band. Solo blir for det meste likt, om eg ikkje blir inspirert til å dra på litt ekstra, ler Bjørn Berge.
Og om nokon skulle vere i tvil…
– Blir det ei opning er eg meir enn klar til å pakke gitarane og dra ut på vegen. Eg skal ha eit par konsertar, om det ikkje blir avlyst, i både Stavanger og Haugesund i starten av mars. Men det blir for dei næraste, for talet på personar dei får sleppe inn er sjølvsgat alt for lite til at dette er butikk. Men slik er det, det skal ikkje stoppe meg, avsluttar Bjørn Berge.