Ann-Kristin B. Dahle
Ann-Kristin B. Dahle

Ei tid var og ei anna vart

Det er mykje vi ikkje veit om kva framtida vil bringe, men det vi veit sikkert er at den vil bli annleis. For å sikre ei bærekraftig utvikling innan både klima og miljø, sosialt og økonomisk må vi alle bidra i smått og stort. Og kven veit- kanskje vil omstillinga gjere Tysvær til ein enda betre stad å leve og bu?

Ann-Kristin B. Dahle – Folkehelsekoordinator – medlem i folkehelsegruppa

Behov for omstilling
For å møte framtidas utfordringar kan vi ikkje fortsette som før. Å tenke og handle annleis er noko både den enkelte, det offentlege, frivillig og privat sektor er heilt nøydde til gjere, og vi må gjere det i lag. Tysvær kommune er i omstilling, og har mange parallelle prosessar pågåande for tida. Rådmannen og kommunestyret i Tysvær er tydelege på at den omstillinga som er starta på må halde fram, og at ein på alle områder må sjå på korleis driftsutgiftene skal reduserast.

Vi veit at Noreg eldast i eit aukande tempo. Om berre ti år vil det for fyrste gong vere fleire eldre enn born. Vi veit også at levealderen aukar jamnt og trutt, og dette vil også påverke ressursbruk, helsetilbud og behov for helse-, pleie- og omsorgstenester framover. Vi kan berre bruke kommunekronene ein gong, og kva dei skal prioriterast på framover vert noko av det viktigaste å diskutere i tida som kjem.

Forandring er noko dei fleste av oss synes er skummelt

Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får
Forandring er noko dei fleste av oss synes er skummelt. Kva om det som no skjer gjer at eg og mine vil få andre typar tenester? Kva om vi misser noko verdifullt som vi ikkje kan få tilbake? Kva om mi rolle som innbyggjar vert endra? Konsekvensane av omstillinga veit ein ikkje fullt ut i dag, men å ikkje gjere noko er ikkje eit alternativ. Ta helse og omsorg som eit eksempel. For å møte morgendagens utfordringar med ein aukande andel eldre i befolkninga, er det verken økonomiske eller mennskelege ressursar til å fortsette slik ein gjer i Noreg i dag. Kommunane sitt økonomiske handlingsrom vert mindre, og det gjeld også i Tysvær. Vi må rett og slett få til meir for mindre. Dette vil sjølvsagt føre til at helse- og omsorgstenestane vil måtte sjå annleis ut, både for dei som skal utføre og dei som mottek. Og det er krevjande. Dei fleste av oss likar å ha kontroll over kva som skjer. Akkurat no er det mykje vi ikkje veit om korleis den nye kvardagen kjem til å sjå ut framover, og vi må leve i ei viss form for uvisse. Korleis kan vi løyse den utfordringa?

Sjå moglegheitene framfor avgrensingane, i lag
Dette kan verkeleg høyrast ut som ein floskel, men er det ikkje det vi må gjere? Å tenkje i smått og stort på kva mogelegheiter som ligg framføre oss, i staden for å sjå på alle utfordringane endringane kan føre med seg? Eg har i alle fall trua på at vi må snakke saman om kva utfordringar og løysingar vi ser på dei ulike områda. Tysværsamfunnet er eit rikt samfunn, ikkje minst når det kjem til dei menneskelege og naturgitte ressursane. Å tenkje i lag om korleis lokalsamfunnet som heilskap kan klare å møte utfordringane på, er ein del av løysinga. Samskaping er den einaste måten kommunar kan jobbe med framtida på, der alle sit på ein del av løysinga. Eg hugsar professor Dag Jørund Lønning sa når han var på besøk i Tysvær for eit par år sidan at «mange menneske står med ryggen mot veggen og føler på at eiga røyst betyr lite». Å få sei si meining, komme med forslag til løysingar, jobbe saman innanfor det mogelegheitsrommet vi har vil være avgjerande for å lykkast.

Husk at røysta di er viktig og betyr mykje. No startar for alvor det viktigaste omstillingsarbeidet i nyare tid, og vi må gjere det i lag.