Olaug V Bollestad, Hadle Rasmus Bjuland, Alf Magne Grindhaug, Anne Kristine Bruns og Solveig Ege Tengesdal, Oddny Helen Turøy, Tiril Fjell, Jarle Haukås, Anna Henriette Veim Eikje, Gunn-Marit Lygre, Steinar Høyvik og Eivind Susort.
Olaug V Bollestad, Hadle Rasmus Bjuland, Alf Magne Grindhaug, Anne Kristine Bruns og Solveig Ege Tengesdal, Oddny Helen Turøy, Tiril Fjell, Jarle Haukås, Anna Henriette Veim Eikje, Gunn-Marit Lygre, Steinar Høyvik og Eivind Susort.

Olaug Bollestad besøkte Næringspark i vinden

INNSENDT:
Å stadig halde fokus på noko å leve av, og noko å leve for – er tema for både lokale-, regionale- og sentrale politikarar. Samfunnsutvikling og næringspolitikk er viktige områder, og Tysvær er vertskap for Norges støtste ferdigregulerte næringspark, i eigarskap med nabokommunane.

Dette er eit viktig bodskap å formidle til folkevalte og næringsaktørar frå alle kanter, og KrF gruppa i Tysvær tek oppdraget alvorleg og tok med seg besøket sitt dit, mandag.

Dagleg leiar Tiril Fjell med mannskap tok vel i mot besøk frå Rogaland KrF med landbruks- og matminister Olaug V Bollestad, Hadle Rasmus Bjuland, Alf Magne Grindhaug, Anne Kristine Bruns og Solveig Ege Tengesdal i spissen.
Fjell fortalde engasjert om systematisk planlegging og opparbeiding av næringsparken sidan starten i 2001. Gjestene, med statsråden i spissen stilte mange spørsmål. Dei fekk vita at eigarkommunane står samla om vegen vidare. Når Rogfast kjem, er det like langt å køyra frå Breiavatnet i Stvanger til Haugaland næringspark, som det er til Bryne. Rogaland blir mykje meir samla.

Næringsparken har røter, arbeidsplasser og verdiskaping var truleg det som gjorde at ein gjeng framtenkte politikarar i Tysvær tidleg tok initiativ, regulerte og la til rette. Haugalandet står nå samla i eigarskap om Haugaland næringspark på Gismarvik.
Med både djupvasskai, infrastruktur som sikrar reint vatn i springen og gode vegar ligg det godt til rette for å bygge «big business». Arbeid med å auke straumtilgang og høve for å få gass frå Kårstø gjer at store internasjonale selskap nå ser til nettopp «vesle Norge». Dette vil definitivt vere ein park som gir næring til at nye idéer og arbeidsplasser kan vekse fram.

I oppløpet av pandemien kan ein sjå at mykje har vore annleis og nokre ting har gått meir langsamt eller stoppa opp. Arbeidsplassar er endra med både heimekontor og nye arbeidsoppgåver. Dette viser kanskje tydeligare at mange av dagens arbeidsplassar er i endring og mange av dei er endå ikkje skapte. Tysvær er på kartet, bokstaveleg tala, for å legge til rette for nye satsingar.

Viktig er det også å formidle at kommunen har mange bedrifter med lange tradisjonar, også andre stader i kommunen. Høveleg nok fekk difor matministeren smake produkt frå Rogaland Konservefabrikk i Hervik, ei av bedriftene i Tysvær med lange tradisjonar og tilpassingsdyktighet gjennom tidene.

Av Gunn-Marit Lygre