Muddy Young kjem heim til Tysværtunet og lunsjkonsert på fredag. Etterpå skal dei spele inn musikkvideo.
Sist fredag tok me med oss trioen opp på scena i kulturhuset der dei fekk helse på filmskapar Erlend Bjelland, og huset sin leiar Øystein Simonsen. Lett beundrande sto dei og kikka ut i salen.
– Dette kjem til å bli vanvitig stilig. Håper det blir fullt hus, for nå skal me endeleg få spelt på heimebane igjen. Me har vore på veg hit så mange gonger, men har blitt sittande koronafast i Oslo. Saman med trommeslagar Elvar Edvaldsson serverer me både nye og eldre låtar. Det blir stor stas, seier Joe Eriksen og Jarle Hundsnes.
Ny låt
Det er songen «Come over» som kjem ut 25. juni som skal ende opp som lokalprodusert musikkvideo.
– Det er heilt sjukt bra. Me skal lage ein slag livevideo som viser oss som trio, og me håper sjølvsagt at filmen er med på å opne dører for oss framover. Når ein lever så lenge i isolasjon som me har gjort, med berre sporadiske oppdrag, så treng me eit spark bak for å komme på beina igjen. Lunsjkonserten, og denne filmen, er eit skikkelege spark som me gleder oss stort til, smiler Hundsnes.
Det er allereie tre år sidan dei to tysværbuane sist spelte til lunsjkonsert. Då var det stappa fullt i foajeen. Nå er det storsalen som gjeld.
– Som sagt hadde det vore stor stas om det kom mange. Det er ein del som har spurt om me kjem, og denne gongen kan det ikkje vere noko som kan stoppe oss. Med Elvar så får me eit meir utfyllande lydbilete, og det er slik som dette me ønskjer å stå fram som band. At Tysværtunet og lunsjkonserten blir ein av dei aller første konsertane våre på lang tid, det er berre rett og rimeleg. Slike tiltak er enormt viktige for oss lokale artistar. Me treng utstillingsvindauge, seier Joe Eriksen.
Me er som alltid superoptimistar
Alt går
Då duoen forsvann til Oslo fekk dei seg platekontrakt og alt såg lyst ut. Så gjekk det i koronasvart. Konsertar mellom anna i Etne, og hos oss i januar blei avlyst.
Bygdebladet har snakka med duoen jamleg og det har alltid vore optimisme.
– Kva nå?
– Me er som alltid superoptimismar. Det me kanskje har lært aller mest er at me må vere tilgjengelege. Både i format, men også i stil. Det har me klart, og me får gode meldingar på det me gjer. Så er det sjølvsagt stor motivasjon å vite at me var velkommen heim her. Då tilbodet om musikkvideo dukka opp var me raske med å seie ja. Det skal bli spennande å bli kjent med Erlend, seier dei to musikarane frå Tysvær.
Oppvarminga var på musikkfesten i Haugesund sist helg. Der gjorde dei eit kort innhopp på Slaktehuset på dagtid, og ein litt lenge seksjon på Høvleriet om kvelden.
– Berre det å sjå tre gigs i kalenderen er jo heilt sprøtt. Snakk om opptur. Nå kryssar me alt me har av fingrar og håper på fleire oppdrag utover sommaren og hausten. Det ser betre ut og me er blitt kontakta av fleire arrangørar. Difor er det viktig å gi alt i alle konsertar me får, slik at folk ser kva me er gode for. Med ei ny låt på gang så er me ekstra motiverte for den jobben som må gjerast, smiler Jarle Hundsnes.
Boblar over
Dei to karane boblar over av speleglede, noko som også møtet med filmskaparen og kulturhusleiaren bar preg av. Så mange positive ord i løpet av nokre minuttar på scenekanten er det lenge sidan me har høyrt.
– Kjekt at bandet ville komme hit og ha konsert og ikkje minst spele inn video, kom det frå Simonsen.
– Det er me som skal takke, kom det raskt i retur frå trioen.
– Me har planar her på scena og dette skal bli skikkeleg bra. Gleder meg til å gå i gang, kom det frå filmskapar Bjelland.
– Heilt klart. Me er med på alt, kom det frå trioen.
Og trommeslagaren frå Island nikka og skjøna at det var noko positivt ein snakka om. Elles var det lite han forsto.
– Nice to be in Tysvær?
– Oh, yes. I like this place, smilte han lurt og kikka seg rundt i den store salen i Tysværtunet.
Konserten med Muddy Young på fredag er heilt gratis, men hugs å ta ut billettar på førehand. Velkommen til å møte duoen frå Grinde og deira islandske trommis klokka 11.30. Konserten er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet.