Vi har fått høyre at nokon vil legge ned Nedstrandtunet og flytte dei som bur der til Aksdal. Det synest vi er ein dårleg idé!
I fjor mista vi biblioteket. Alle i kommunen kan køyre til Aksdal for å låne bøker seier dei. No vil dei at vi skal køyre dit for å treffe bestemor og…
Vi har vore på Nedstrandtunet to gonger det siste skuleåret for å synge for dei som bur der. Vi synes det er kjekt at dei eldre og har ein plass i bygda vår. På 17.mai går toget til Nedstrandtunet. Skal vi gå i tog til Aksdal framover?
Nedstrandtunet har mange arbeidsplassar. Vi kjenner mange som arbeidar der. Vi håper dei kan få lov å behalde arbeidsplassen sin.
Til slutt håpar vi at vi sjølv kan få lov å bli gamle i bygda vår. Vi synes det er veldig fint her. Når vi får besøk på skulen får vi alltid skryt over kor fint det er her inne.
Vi ser mange gode grunnar for å behalde Nedstrandtunet. Vi håpar at dei som bestemmer ser og forstår. La oss få behalde Nedstrandtunet!
Helsing 6. klasse på Nedstrand barne- og ungdomsskule