– Det går heilt i hundre om dagen, men nå er eg klar for å komme meg ut på turné med «dudsa» igjen. Det skal bli stas, og konserten i Tysvær blir sjølvsagt eit høgdepunkt, ler Alex Rosén på telefon frå Oslo.
Alex Rosèn og The Young Dudes høyrest ut som fart og moro, live og tett på. Og akkurat det er det.
– Ja, dette er skikkelege greier med eit fantastisk band, og eg som kjem inn og ut av det med korte historier frå eit levd liv. Det blir alt muleg, og det passer for absolutt alle. Me treng å le litt, tenkje oss om og nyte litt av dagen. Nå har me vore sperra inne lenge nok, kjem det i kjent stil frå Rosén.
Bra band
Gjennom eit nokså hektisk telefonintervju klarer showmannen kjent frå både fjernsyn, scene og radio å hylle bandet sitt både fem og seks gonger.
– Har eg sagt at det er eit fantastisk bra band. Skikkelege musikarar kan du seie, ler Rosen så det ristar i telefonen, før han held fram.
– Det er ei saleg blanding av stand up, fortellingar og musikk. Me som held på med kulturliv har vore stengt inne altfor lenge. Nå boblar me over av liv og vil berre komme oss ut og treffe folket igjen. Nå skal me mimre 10-20 år tilbake og sette det saman med det som skjer rundt oss i dag. Eg skal rett og slett redde verda, frå scenekanten, kjem det bombastisk før det går over i ein ny runde med latter og godt humør.
For dei som høyrer på Radio Rock har fortellingane til Rosén allereie blitt klassikarar. Og han lover at han har meir på lur.
– Eg trur ikkje eg har vore og hatt konsert i Tysvær tidlegare, så her har eg alle mulegheiter. Eg må sjølvsagt få dei i salen med på dette og lage god stemning. Det er eg trygg på at det blir. Ein klarer ikkje å sitte stille når eg og «dudsa» drar i gang. Det kan eg love. Så har eg tru på å blande inn litt alvor med skjemt. Verda er ofte til å grine av, men ein må også le litt av alt det som skjer rundt oss. Nå er me endeleg fri, og då skal me redde verda på vår måte, lovar Alex Rosén.
2004
Bandet og Rosén har spelt saman i mange år. I 2004 gav dei til og med ut eit heilt album. Så har det vore ein del av og på. Nå er dei verkeleg påskrudd lovar multiartisten.
– Eg er ikkje redd for å love at dette blir kanonkjekt. Her skal me boltre oss fritt på scena. I det siste har eg vore med på Stjernekamp, Alle mot alle og hatt prosjekt med Aune Sand. Du høyrer at det blir gode historier av slikt, ler Alex Rosén, meir enn klar for å sette kursen mot Tysværtunet.
Showet er i Tysværtunet neste torsdag.