Ann-Kristin B. Dahle
Ann-Kristin B. Dahle

Korleis står det til med folkehelsa i Tysvær

Ann-Kristin B. Dahle – Folkehelsekoordinator – medlem i folkehelsegruppa

Kvart år kjem Folkehelseinstituttet ut med folkehelseprofilar for fylke og kommunar. Her er det utvalgte indikatorar som seier oss noko om korleis folk har det og korleis det står til med påverknadsfaktorar for folks si helse. Tysvær kjem ut sånn «midt på treet» i år.

Folkehelse og påverknadsfaktorar
Folkehelse handlar kort sagt om korleis det står til i befolkninga, eller grupper av befolkninga. Maten vi et, lufta vi pustar inn, utforming av bustadområde og andre miljøforhold, for å nevne noko, verkar inn på helse, livskvalitet og trivsel. Alle kommunar skal til ei kvar tid ha oversikt over desse forholda, og om kva slags utfordringar og ressursar som fins i lokalsamfunnet. God oversikt skal bidra til eit meir treffsikkert folkehelsearbeid, og dannar grunnlag for kva som er viktig å prioritere av dei mange folkehelseutfordringane som fins.

Kva er status i Tysvær?
Den årlege folkehelseprofilen gjev eit lite inntrykk av korleis det står til i Tysvær. Det er ikkje 100 % dekkande, til det er det mange andre indikatorar som også må vurderast. Men det gjev oss ein viss oversikt. Tysvær blir samanlikna med land og fylke, og ein kjem ut med raudt, gult eller grønt merke alt etter som ein ligg dårlegare, likt eller betre an enn landet. Frå 2021 til 2022 har profilen til Tysvær fått fleire raude og færre grøne merke, som betyr at vi har gått i feil retning kva gjeld ein del av faktorane som vert presentert.

Der Tysvær skil seg negativt ut fra landet er trivsel på skulen på 10.trinn, kvalitet og stabilitet av drikkevatnet, ungdom som er nøgde med nærmiljøet, ungdom som trenar sjeldnare enn vekentleg, muskel- og skjelettplager, hjerte- og karsjukdom og nye tilfeller av tjukk- og endetarmskreft.

Der Tysvær skil seg positivt ut er andelen med vidaregåande eller høgare utdanning i aldersgruppa 30-39 år, lavare andel med vedvarande lavinntekt i alle aldre, færre born av eineforsørgarar, færre unge som bur trongt, betre luftkvalitet (svevestøv), høg valgdeltakelse, høg forventa levealder hos menn og færre med psykiske symptom og lidingar.

Og kva så?
Folkehelselova forpliktar alle kommunar om å bruke oversikta ein har til å fastsette mål og strategiar, og sikre folkehelsa gjennom all planlegging ein driv med. Kommunar skal også iverksette nødvendige tiltak for å møte utfordringane som fins lokalt, med alle dei verkemiddel ein har tilgjengeleg. Når det kjem fram ny og oppdatert kunnskap om ulike faktorar i Tysvær er dette noko som vert drøfta og sett nærare på i kommuneadministrasjonen, og tatt med i både langsiktig planlegging og i forhold til kva tiltak som kan være aktuelle å prioritere på kortare sikt.

Og som i alt anna er det behov for at vi saman ser på utfordringane og finn løysingar på desse. Både den einskilde, frivillig, privat og offentleg sektor har ansvar og oppgaver i folkehelsearbeidet. Og ofte er det ikkje nok at vi løftar kvar for oss, på kvart vårt område. Vi er nødt til å løfte saman.