Gunn Waage Lien. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Gunn Waage Lien. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Robust – Historia om ei jente

Gunn Waage Lien – HELSESJUKEPLEIAR

Dette er historia om ei trygg og robust jente. Ho hadde få og ingen bekymringar, i alle høve dvelte ho ikkje ved dei. Ho kunne vere redd for at det låg ein mordar under senga, men sovna trygt etter å ha sjekka inni skap og under seng, og døra stod på gløtt slik at ho høyrde summinga av mammaen og pappaen sine stemmer frå stova. Det var trygt. Det var ikkje lange samtalar om kveldane om kor tankane om mordaren kom i frå, det var ei konstatering om at det ikkje var nokon der, og at mammaen og pappaen passa på.
Det var ikkje det at ho ikkje hadde kjent på motgang. 3 år gamal mista ho lillebroren sin i krybbedød, og fleire bilete frå den tida sit spikra fast. Sorga og savnet vart det snakka høgt om, og ungane vart tatt med på alt som skjedde. Mammaen og pappaen viste kjensler, og jenta på 3 år fekk lov å trøste, samtidig som ho fekk god mulighet til å leike og vere «her og no». På minnesamværet etter gravferda sa ho i ein lett tone om dei voksne: «Av og til ler dei, og av og til grin dei».

Som nr 3 i søskenflokken var ho vant med å tape, ho var vant med å få juling og pes av storebroren, og ho var vant med at storesøstra prøvde å passe på- og lærte ho altslags ho meinte kunne vere nyttig. Etterkvart vart ho og vant med å vere førebilete for ei irriterande, sta og gøy lillesøster.
Til 8 års dagen ynskja ho seg hue med klaffer, slik Ronny på tv hadde, Ronny frå Pelle parafins bøljeband. Mammaen sydde, i fargen raud etter jenta sitt ynskje, og jenta tok den stolt på. At to av ungdomsskulegutane i byggefeltet lo av- og gjorde narr av hua, brydde ho seg lite om, for ho likte den. Ho fortsatte å gå med den kvar dag, og heva stolt hovudet. Likevel fortel det oss noko, det at ho hugsar kven og kva desse ungdommane sa. Det vart lagra som eit tydeleg minne, så tenk om desse gutane hadde gjort det kvar dag?

Når nokon spurte jenta kva ho skulle bli når ho vart voksen, var det ingen tvil: Lege og statsminister. Intet mindre! Mammaen og pappaen prøvde aldri å så tvil om valget, den draumen fekk jenta ha. Det å ikkje bli gjort narr av, og det å tørre å sikte høgt. Valget regulerte seg i høve kor viljug ho var til å gjere skulearbeid framfor fritidsaktiviteter med vener. Valget var lett, det sosiale livet trumfa, og dermed vart lønn og fin tittel bytta ut med noko litt lavare på karrierestigen.

Joda: Medfødt personlegdom har noko å seie, men korleis barnet har det, betyr meir. Det å kjenne at foreldra tek ansvar for at ein er trygg i eige hus, at det er foreldra som bestemmer, at ein må legge seg til avtalt tid, at det er forutsigbart med mat og klær, at ein får hjelp til lekser, at ein får gode klemmar og at dei seier- og viser at dei heier på, at ein har gode lærarar som møter barnet der dei er- særleg dei fyrste åra på skulen. Gerda var læraren til denne jenta, ho var slik alle barneskulelærarar bør vere: Tydeleg, bestemt, varm og med uutømmelig mengde omsorg. Forventningar og krav kan vere positivt, så sant ein ikkje setter press med å forvente akkurat den- eller den karakteren. Vi kan kreve- og forvente at dei jobber, at dei belønner seg sjølv med pausar, at dei gjere så godt dei kan, og vi kan forvente grei oppførsel. Litt motgang skal barnet lære å tole utan å skape furore, andre ting skal dei gi beskjed om, og hjelpast gjennom og ikkje utenom motgangen. Desse grensene må snakkast om. Motgang må kjennast på- og normaliserast, då blir ein truleg som denne jenta, meir robust.