Gunn Waage Lien. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Gunn Waage Lien. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

«Dette skal gå bra, eg veit at dette skal gå fint»

GUNN WAAGE LIEN – HELSESJUKEPLEIAR TYSVÆR KOMMUNE

Eg høyrer det med ein gong.
På skriket. Skriket.
Skriket og stemmene seier, at no er det alvor.
Skriket og stemmene har slik ei frykteleg redsle i seg.
Eg ser dei redde barneaugo, drar opp jakkeermet, ser såret og kjenner det taktfaste blodet.
Dette må gå fort. Fort, fort.
Kjapt som lynet kjem vi oss opp til vegen,
som om vi halvvegs flaug over steinar og kratt.
Forstår det ikkje, korleis vi klarte det så fort,
samstundes som eg haldt hardt kring handleddet.
Over autovern, ned på vegen, opp med armen, hard komprimering.
Vi ringer 113, vi treng hjelp!
Eg seier det heile tida: «Dette skal gå bra, eg veit at dette skal gå fint».
Eg seier det like mykje til meg sjølv som til dei, heilt roleg, klar og bestemt.
Ingen kunne løysna grepet eg hadde kring handleddet hans, ALDRI har eg vore sterkare.
Eg merker at det hjelper, likevel er eg utolmodig,
han skjelver, og eg, vil ha hjelp med ein gong.
Vi har ikkje meir klede å breie kring han,
han har fått alt ungane kunne ta av.
Vi høyrer bil, ungane spring,
vinkar på ambulansen.
Vi køyrer, og grepet kring handleddet er like fast,
like sterkt.
Ambulansen parkerer, helikopterlyden høyrast,
kjem nærare, nærare, nærare.
Helikopteret lettar, og legen har tatt over ansvaret.
Vi har øyreklokker på, og syner «tommel-opp» til kvarandre.
Eg senker skuldrene, byrjar skjelve lett,
kjenner at smilet for takksemd brer seg over andletet,
samstundes som tårene pressar bak augnelokka.
«Dette gjekk bra, eg VEIT at no går dette fint».

Denne hendinga fann stad for 9 år sidan. Eg får framleis tårer i augo når eg tenker på det. Kan DU fyrstehjelp om uhellet er ute? Det fyrste som blir gjort på staden er av uvurderlig betydning, samtidig som det viktigaste er at du gjere noko, og at du skaffar hjelp. Nokon ganger tenker du kanskje at du vil bli handlingslamma om uhellet skjer med ein av dine næraste? Truleg jobbar kroppen din av seg sjølv, som på autopilot dreve av enorm energi. Adrenalinet vil hjelpe deg.
Fyrstehjelpen sitt mål i alvorlege situasjonar er å oppretthalde viktige livsfunksjonar, begrensa lidinga, hindre ytterlegare forverring av sjukdom eller skade og fremme rehabilitering. Akutt omsorg innbefattar og å lindre ubehag, trøste og berolige. Enkle fyrstehjelpstiltak kan vere livreddande, og alle bør kunne gjenkjenne teikn på alvorleg sjukdom eller skade for å kunne bidra med hjelpetiltak. Jf. Store medisinske leksikon.

Eg og eine sonen min prøvde å klatre opp via steinar og kratt nokre månader etter hendinga, og det var då eg forstod kor viktig adrenalinet er i slike situasjonar. Eigentleg er det likevel vanskeleg å forstå at vi klarte å handle så raskt. Guten det skjedde med, er i dag frisk og rask. Pulsåra i handlettet vart sydd og dei opererte ei sene som var kappa. Det vart ei lang rehabiliteringstid i høve sena, men det gjekk fint.
Det som er viktig etter slike situasjonar, er å debrife. Dette vart gjort med ungane, men det vart ikkje gjort med underteikna eller med foreldra til guten. Der denne hendinga skjedde var det dårleg dekning og foreldra var om lag 7 timar vekke. Dei visste berre at noko hadde skjedd med guten deira, men levde i uvissa i minst 1,5 time før dei fekk vite meir. Ein skal ikkje kimse av det psykiske aspektet ved slike hendingar, og det er då helsepersonell, og andre, må oppmode til å fortelle om det: På ny og på ny, til ein merker at det gradvis slepper tak.