ANN-KRISTIN BERGE DAHLE – Folkehelsekoordinator – Tysvær
Sommaren er like rundt hjørnet, sjølv om temperaturen ikkje er så mykje å skryte av. Uansett er det høgsesong for bading og båtliv. Då er det et par viktige ting å hugse på.
Bruk redningsvest
Å bruke redningsvest er ein av dei mest effektive måtane å førebyggja drukningsulykker på. Å alltid bruke redningsvest når ein er på vatnet, anten det er i ein båt, kajakk, kano eller under andre vannaktivitetar, reduserer risikoen for drukning betydeleg.
Dei siste fem åra har 45 % av dei fatale drukningsulykkene i Noreg skjedd i sommarmånadene juni, juli og august. Det er derfor særleg viktig å vise godt vannvett når du er i, på og ved vatn, og passe godt på kvarandre.
I Noreg er det påbode å bruke flytevest i fritidsbåtar under 8 meter når båten er i fart. Dette gjeld for alle om bord, både vaksne og barn. Godkjent flyteutstyr samanfattar redningsvestar, flytevestar og oppblåsbare vestar, så sørg for å finna ein vest som passar ditt bruk og passforma di.
Bruk alkovett
Eg seier det som Ludvig i Flåklypa- «det er fali det». Ei blanding av høg promille, høg fart, køyring i mørket og manglande flyteutstyr er ofte årsak til ulykker i fritidsbåt.
Det er mange grunnar til at promille er farleg på sjøen. Merksemd, vurderings- og reaksjonsevna blir påverka av alkohol, noko som gir auka risiko for farlege episodar. Promille gjer også at vår kritiske sans blir svekka, ein blir meir impulsiv og tar større sjansar. Evna til å redde seg sjølv eller andre blir også betydeleg svekka med alkohol i blodet.
I Noreg har ein to promillegrenser for båt. For båtar under 15 meter er den maksimale promillen 0,8. For større båtar og skip er promillegrensa på 0,2. Det er svært viktig å være edru bak roret, så anbefalinga er å ikkje køyre båt om ein er påvirka av alkohol.
Bruk augene
Det er ikkje alltid slik at dei som held på å drukne veivar med armane og lagar masse lyd, sjølv om det er ei vanleg oppfatning. Drukning skjer ofte heilt i det stille, og det er ikkje alltid så enkelt å leggje merke til at ein person treng hjelp. Ofte kan situasjonen sjå ganske kontrollert ut.
Det er derfor ein god ting å vere merksam når du er ved sjø eller vatn, og observere dei som badar. Oppdagar du at nokon held på å drukne er det viktig å varsle 113 så raskt som mogeleg. Ivareta eigen tryggleik slik at du ikkje hamnar ufrivillig i vatnet eller blir skadd om du prøver å redda vedkommande. Sjå om det er noko du kan bruke for å bistå med redning, som noko å dra personen i land eller i båten med, om det fins livbøye eller ein redningsvest i nærleiken, eller om du kan ro eller symje ut om det er mogeleg.
Det finst gode digitale livredningskurs på nettet som kan vera nyttige både for nybyrjarar og som oppfrisking for dei meir erfarne. Ein veit aldri når uhellet er ute. Hugs at du kan bety ein stor forskjell når det gjeld å førebyggja drukning, både for deg sjølv og andre.
Med ønske om ein trygg og god sommar til alle innbyggjarar og besøkjande.