Haukelifjell søndag 29. desember. Foto: Statens Vegvesen/Grannar
Haukelifjell søndag 29. desember. Foto: Statens Vegvesen/Grannar

Skal du til fjells å feire nyttår: Haukelifjell har og har hatt kolonnekøyring og utfordrande vintervêr

Skal du over Haukelifjell eller andre fjellovergangar, bør du vera godt førebudd for turen

E134 over Haukelifjell er ein av dei viktigaste fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet, men vinteren byr som vanleg på utfordrande køyreforhold. Laurdag morgon er det kolonnekøyring over fjellet, og bilistar blir oppmoda om å vere godt førebudde før dei legg ut på tur.

ET LESERTIPS: Sett på parkeringslys når du står og venter i kollene. Da blender du ikke de som komme imot.

Ifølgje Vegtrafikksentralen Vest er det fleire utfordringar

Fleire fjellovergangar ramma
Situasjonen på Haukelifjell er ikkje unik. Fleire andre fjellovergangar i Sør-Noreg er også påverka av vêret:

Fv53 Tyin – Årdal: Open, men fare for stenging.
E16 Filefjell: Open, men krev aktsemd.
Rv52 Hemsedal: Open, men fare for kolonnekøyring.
Fv50 Aurland – Hol: Kolonnekøyring.
Rv7 Hardangervidda: Stengt, med kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn.
Rv13 Vikafjellet: Kolonnekøyring.
Statens vegvesen oppmodar alle som skal over fjellet til å ha med nødvendige hjelpemiddel som varme klede, mat og drikke, og til å følgje oppdaterte meldingar frå Vegtrafikksentralen.

Krevjande for tungtransport
For tungtransport er situasjonen ekstra krevjande. Kolonnekøyring fører ofte til forseinkingar, og mange vogntog slit med å halde seg på vegen når vêret er som verst. Bilistar som ikkje er førebudde på kjettingkrav, kan bli ståande fast og skape ytterlegare forseinkingar.

Anbefaling frå Vegtrafikksentralen
Bilistar blir oppmoda til å:
Sjekke vêrmeldingar og vegmeldingar før avreise.
Ha vinterdekk i god stand.
Følgje instruksjonar frå kolonnekøyringsleiarar.
Vere førebudd på lang ventetid.
Vinteren på Haukelifjell krev respekt for naturkreftene og godt førebudde bilistar. Dei som ikkje må over fjellet, bør vurdere å utsetje reisa til vêret blir betre.

Samarbeid

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis, Grannar