Magne Skålnes og Glenn Kringlebotten er Mainstreet ein svært spennande duo som 28. februar speler lunsjkonsert. Over 200 har sikra seg billettar til det som er skikkeleg folkeleg musikk. To karar og to gitarar blir aldri feil.
Magne Skålnes og Glenn Kringlebotten er Mainstreet ein svært spennande duo som 28. februar speler lunsjkonsert. Over 200 har sikra seg billettar til det som er skikkeleg folkeleg musikk. To karar og to gitarar blir aldri feil.

To menn, to gitarar, åtte låtar pluss ei overrasking – neste lunsjkonsert

28. februar arrangerer me lunsjkonsert nummer 69. Det er ei stor glede å invitere ein duo som har spelt saman i snart 40 år til storsalen.

HER FINN DU BILLETTAR: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/lunsjkonsert-tba-g3x5lcp/

Det er feil å seie at den store låtkatalogen til Mainstreet, som består av Glenn Kringlebotten og Magne Skålnes, har sendt dei ut på dei store scenane rundt om i verda. Men på heimebane er det mange som både har sett og høyrt dei. Så pass mange at ryktet til slutt nådde oss i lunsjkonsertane i Tysværtunet.
– Me møttest på 80-talet, og igjennom 90-talet skreiv me mange låtar saman. Fleire av dei vart spela inn, og gitt ut både som kassett, vinyl og CD den gongen. Etterkvart skildest vegane for oss då jobb og familie blei hovudfokus nokre år. I den seinare tida har me funne tilbake til vår gamle hobby, og er i gang med å gi ut mange av dei gamle låtane digitalt. Tracks of Fire har me kalla EP serien. Tracks of Fire, Vol.1 kom ut i november, og Vol. 2 kom nyleg ut. Kvar utgjeving har fire låtar, og det er planlagt 4-5 utgjevingar i serien. Sjølv om katalogen vår er stor, så er me i gang med å skrive nye låtar. Me gler oss til lunsjkonserten på Tysværtunet 28. februar, seier Magne Skålnes.
– Litt kjent namn, seier du?
– Dei siste åra har eg som trubadur reist rundt aleine, men nå har eg og Glenn funne tilbake til litt av den gleda me hadde over å lage songar den gongen. Då var me 20 år og inspirert av Bruce Springsteen. Nå er me 58 og still going strong, og elskar å lage låtar og spele dei inn.

Me møttest på 80-talet, og igjennom 90-talet skreiv me mange låtar saman

Stort
Skålnes fortel om låtar i alle retningar musikalsk. Fine melodiar som passar godt både her og der. Ikkje minst i storsalen i Tysværtunet.
– Eg skal vere så ærleg at det er noko me ser skikkeleg fram til, for dette er det eg vil kalle fin musikk å lytte til. Ser at svært mange allereie har sikra seg billettar, og me kjem til å spele nokre av dei finaste og beste låtane me nå har gitt ut på nytt. Me har laga alle låtane sjølv, og dette gir eit godt bilete av det me har drive på med alle desse åra. Sjølv om me hadde ein fysisk pause, så har me jobba med musikk på si begge to, seier Skålnes.
Han ser fram til å stå på den store scenen og presentere duoen for eit lyttande publikum.
– Som oftast er det meg og gitaren. Når eg reiser rundt som trubadur så speler eg til dei sløkker lyset og alle skal heim. Putt ein femmar på meg så kan eg spele Creedens til folk stuper. Men dette er noko heilt anna, sjølv om sjangeren nok kan minne om både den eine og andre. Det å få teste ut dette konseptet med skikkeleg lyd og lys er stort for oss, og utruleg inspirerande, seier Magne Skålnes.

Grand Prix
Skålnes fortel om musikksmak og interessa for dei gode låtane. Om re-utgjevingar som minner dei begge om at låtane dei laga for snart 40 år sidan framleis held god standard. Han fortel om musikk som ikkje forsvinn fordi om nye trendar har sine år. Og plutseleg kjem det opp om då han og makker Glenn leverte inn bidrag til Melodi Grand Prix i 1993.
– Ja, me har den på CV-en vår. Det var Toni Gundersen som song «Roser i regn», der me hadde laga melodien. Det var eit stor augeblikk, og me har spela den inn på nytt. Kanskje me må prøve å ha den som ei lita overrasking, seier Magne Skålnes.
Silje Vige var vinnar i 1993 med «Alle mine tankar», medan Skålnes/Kringelbotten blei nummer fire rett framføre storheiter som New Jordal Swingers og Jahn Teigen. På plassen framføre fann ein ikkje ukjente Rolf Løvland.

Kjekt
I dag jobbar Magne Skålnes i ein barnehage og er trubadur. Han og Kringlebotten er også musikalsk aktive og tar speleoppdrag når sjansen byr seg.
– Det er kjekt og inspirerande å komme ut til folk. Med nyutgjevingane og lunsjkonserten håper me sjølvsagt på fleire oppdrag. Me er klare i alle fall, avsluttar Magne Skålnes.