Paul Hansen gir ut ny musikk.
Paul Hansen gir ut ny musikk.

Paul er i eigen klasse

Paul Hansen, ja, han frå Vamp, Cortina og Blest, er ute på ei musikalsk soloreise. Det er berre å glede seg.

Singelen «Lov meg» er ein miks av alt det gode, gamle som gjorde at Paul Hansen blei ein yndling i alle banda han har fronta. Men det er også miksa saman med eit nytt og litt lettare lydbilete der fleire instrument har fått rikeleg med plass.

– Lov meg at du finne vegen him…

Ja, du skjønar kor han vil med teksten som er lettfatteleg over litt alvorlege tema.

Men Hansen syng framleis som ein gud, og når bandet tar i mot slutten, så høyrer ein fort at me her snakkar om en ny suksess for haugalandingen som har flytta til hovudstaden.

Utgivinga skal markerer starten på ei ny musikalsk reise for Paul Hansen – ei reise med større kunstnarisk fridom, der han jobbar med låtar som speglar både livserfaring og sårbarheit. Albumet som følger seinare i år, vil bygge vidare på uttrykket som ein høyrer i singelen.

Paul Hansen har ei fortid som gjer at fansen krev mykje av han. Dei vil garantert bli glad for det dei nå høyrer. Han har fått med seg eit strålande knippe musikarar og om det er dei han skal jobbe vidare med fram mot eit heilt album, ja, då kan me forvente oss noko stort. Medan me ventar kan me køyre «Lov meg» på repeat. Det toler den.

«Lov meg»

Terningkast 6

Singel

Paul Hansen

Vokal og keyboard: Paul Hansen

Keyboard: Ronny Graff Janssen

Fele/ bratsj: Madeleine Ossum

Trommer: Torstein Lofthus

Bass: Henning Hansen

Gitarar: Kjetil Steensnæs

Kor: Silje Rundhaugen Tesaker

Produsent: Ronny Graff Janssen

Utgjevar:  Vulgata records

Juni, 2025