Bente Henriksen Stødle er ungdomskontakt for tysværskulen. Det er ikkje meir enn eit par månadar sidan ho starta i jobben, og framleis treff ho på unge som lurer på kven ho er. Nå har dei anledning til å bli kjent med henne.
– Eg er glad i ungdommar, og det er kjekt å lage møteplassar der me kan treffe kvarandre, smiler ho.
Open skule
Gerd Lillian Hegerland Vikene, sosialrådgivar ved FUS, er glad for å kunne invitere elevane til open skule i haustferien.
– Ikkje alle har noko å gjere desse dagane, det kan det vere forskjellige grunnar til. For oss er det kjekt å kunne invitere elevane hit, finne på kjekke aktivitetar, eller berre prate saman, smiler ho.
FUS er open måndag 6., tysdag 7. og torsdag 9. frå klokka 12 til 15. Det blir fleire aktivitetar å velje mellom.
– Me kan spele biljard, bordtennis eller brettspel, me kan teikne eller perle, i tillegg til at gymsalen er open. Joachim Kvalavåg er god på gaming, og han legg til rette for dette i gamingrommet på skulen, forklarer Vikene.
-Me er tre vaksne som er med dei unge desse dagane. Me kan hjelpe til med å sette i gang spel og aktivitetar, men me er også der viss nokon berre har lyst til å slå av ein prat. Litt mat har me også planar om å ordne, – me klinkar til med ostesmørbrød, det veit me at ungane liker, seier Stødle.
Innandørs – for det meste
Stort sett skal aktivitetane vere innandørs, slik at det blir enklare å halde oversikten over dei som er til stades.
– Dette er eit strålande tiltak for dei som har lyst til å treffe kvarandre i haustferien, meiner dei to.
Men – skulen har ikkje eigne midlar til mat på slike arrangement, derfor er dei på jakt etter sponsorar.
– Me treng midlar til å kjøpe teiknesaker og andre ting, og også til mat som me kan servere til ungdommane. Kvar krone tel for oss, legg sosialrådgivaren til.
– Kor mange ventar de kjem hit i haustferien?
– Spør oss neste fredag, for foreløpig er det ingen som veit kor mange som kjem. Men me er tre vaksne som er klare til å vere med på å legge til rette for dei som kjem. Dørene våre er opne, smiler dei to blide kvinnene.
