Paul Hansen er ute med ny singel som lovar godt for eit nytt album. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Paul Hansen er ute med ny singel som lovar godt for eit nytt album. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Neste steg på veg mot albumet

«Fri» setter tonen for Paul Hansens kommande album som kjem i september. Der står personleg erfaring og håp sentralt.

Og «Fri» er så typisk Hansen som det kan få blitt i 2026. Det er følsamt og rocka i det same augeblikket. Bandet er tett og blir drive framover av ein opplagt Kjetil Steensnæs på gitar. Saman skaper dei ein sound som gjer at Paul Hansen kan boltre seg fritt i vokalen.

Songen har ei leiken opning med lett synt og trommer. Så kjem Steensnæs inn i lydbilete og dermed tar låta av. Teksten er ikkje berre av det muntre slaget, men som tittelen speler på, så handlar det å vere fri. Og det kan tolkast på mange måtar. Musikalsk er dette på mange måtar både herleg og litt utfordrande å følge med på. Men Hansen har ei utruleg stemme som gjer at det er lett å få med seg både teksten og innflytelsen han legg i formidlinga.
Dette er den fjerde singelen han slepp før han kjem med eit heilt album. Dette er langt både frå Vamp, Blest og Cortina. Det er Paul Hansen og det passar så utruleg godt saman. Spesielt når han vågar å ta i.

Eg trur ikkje me har mange i Norge om dagen blant mannlege artistar som har ein slik kontroll og tilpassingsdyktigheit til låtar som det Paul Hansen har. Det er på mange måtar internasjonalt
Noko å pirke i? Tja, når ein speler låta om og om igjen, lyttar på nye måtar og byter på høgda på volumet, så kan ein kanskje seie at det alltid er litt som trekk ned. Men ikkje meir enn at me endar opp på ein sterk femmar på terningen. Og som sist – det er berre å glede seg til hausten. Dette albumet kjem til å innehalde så mye bra musikk at ein nesten ikkje klarer å vente.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny singel

Terningkast 5

Fri
Paul Hansen
Piano og vokal: Paul Hansen
Produsent: Ronny Graff Janssen
Trommer: Torstein Lofthus
Bass: Henning Hansen
Keyboard: Ronny Graff Janssen
Gitar: Kjetil Steensnæs
Stryk: Madeleine Ossum
Mastring: George Tanderø
Utgiver/label: vulgatarecords
Februar 2026