«Dette saknet liknar 
ein søndag»
Lise-Marte Vikse Kallåk
«Dette saknet liknar ein søndag» Lise-Marte Vikse Kallåk

Så sterkt, så ekte og så viktig

Døden er ingen god ven, men den får fram det beste i mange av oss. Lise-Marte Vikse Kallåk har gitt ut ei bok som tar deg med på ei gripande reise.

Diktboka «Dette saknet liknar ein søndag» grip deg frå side 1. Det er ingen pause, det er ikkje rom for å legge den vesle boka frå seg. Gjennom korte vers, av og til berre linjer, tar ho oss med på ei reise der me følger ei kvinne på far sin siste reis. Ei etter kvart lang reise frå det heimslege til han blir gravlagd.
Det er ein kunst, det er av og til meir enn det, måten Vikse Kallåk inviterer oss inn i ei verd der mange av oss har vore. Der me kanskje ikkje klarte å sette ord på det, eller for den slags skuld reflektere.
Alle dei små stundene, alle dei små oppgåvene, blikka, hendingane og den heilt spesielle stemninga mellom far og dotter.
På ein måte er ikkje dette dikt, men vers sett saman til ei lita novelle. Ei slags livsreise, der mange element blir trekt inn. Der døden ventar i enden og ein veit at boka ikkje endar godt. Men samstundes er det noko godt ved dette likevel. Historia, bakteppe om eit levd liv. Om nye generasjonar som veks fram. Om håp og om dagar som ikkje kan gi anna en sorg.
Det er ein kunst å formidle det slik som det blir gjort i denne boka.
Boka kan vere vond å lese om ein nettopp har mista ein far eller eit anna menneske som har betydd mykje. Men det er også rom for håp og litt lun humor mellom linjene. Og mystikken rundt døden, alle spørsmåla om kvifor og alle dei andre spørsmåla utan svar.

«døden er ein tryllekunstnar
gjer berre jobben sin
sjeldan får han takk»

Det er litt Trygve Skaug over forteljarstemma til Lise-Marte Vikse Kallåk og det er noko å vere stolt over. Evna til å sette ord på dei vanskelege stundene, der sorga overgår det meste. Det å klare å hente fram gode minner, lys som gir håp og ikkje minst skape seg eit minne som gjer godt i all ettertid, det er faktisk ein prestasjon.
Takk, Lise-Marte, for at du har gjort jobben mange av oss skulle ønske me hadde klart å gjere sjølv. Dette er ei lita bok som garantert vil bety mykje for mange. Det er eit bidrag som vil stå langt framme i bokhylla eller ligge på nattbordet. Til trøyst og til minne.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny bok

Terningkast 6

«Dette saknet liknar
ein søndag»
Lise-Marte Vikse Kallåk
Dikt
Sandnes Forlag
2026