Daniel Aarås og Skjold var tafatte mot Tore B. Pedersen og Vard 2. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Daniel Aarås og Skjold var tafatte mot Tore B. Pedersen og Vard 2. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Blei springande i mellom

Skjold opna best og kunne tatt leiinga mot Vard 2. Men då Are Sødelund brant sjansen slo gjestene tilbake. Skjold blei rett og slett løpt i frå og tapte 2-0.
På Karmøy tapte Stegaberg dramatisk kamp.

– Dei var mykje kjappare enn oss og me klarte ikkje å få til eit press på midtbanen. Med raskt trekantspel og lette bein fekk dei tre mål før pause. Etter pause klarte me å demme litt betre opp. Men for oss var dette kjørt lenge før slutt. Nå må me ha fokus mot kampen mot Haugar på laurdag, seier trenar Håkon André Waage.

Vard 2 var denne gongen som sist hovudsakeleg juniorar ispedd eit par a-lagsspelerar. Tempo på ballen var den største skilnaden, men Skjold virka umotiverte allereie etter 1-0.

Litt trist å seie farvel i ein slik kamp

– Litt trist å seie farvel i ein slik kamp. Me var ikkje på. Men me har hatt mykje kjekt saman denne sommaren så eg skal ikkje klage. Nå er eg på veg til Bournemouth og kiropraktorstudier, sa heimelagets bestemann Tom André Hauge.

I 5. divisjon tapte Stegaberg 4-3 mot Vedavåg 2 på Sletten i ein dramatisk kamp. Stegaberg leia 2-1 etter mål av Torbjørn Steinsland og Espen Tørresdal. Så blei keeper Kristian Storesund utvist og heimelaget snudde til 3-2. Men Jan Reidar Tjøsvoll utlikna til 3-3, noko som sto til det 90 minutt. Men då fekk Karmøy-laget ein noko heldig skåring.
Meir om kampen i papirutgåva på torsdag.

Faktaboks

Skjold 0 (0)
Vard 2 3 (3)
4. div. avd. 3
Grinde stadion
0-1 André Bundegaard (19)
0-2 Mats Kvalvågnes (35)
0-3 Sondre B. Nilsen (45)
Tilskodarar: 30
Domar: Arne Katla Tveit, Sveio
Gult kort: Daniel Aarås og Bjørnar Hompland, Skjold