Det store spørsmålet etter leiteaksjonen i Aksdal sist torsdag er om politiet og den psykiske helesetenesta i kommunen har kontroll over det som skjer like bak rådhuset i Aksdal. Redde og frustrerte naboar synest nå at det er nok. Truslar om alvorleg vald, skriking og stadig besøk av utrykkingskjøretøy i nabolaget, er noko dei mislikar sterkt.
– Me som bur tett på dei kommunale bustadane hadde etter kvart fått eit godt naboskap med dei som bur der. Me kunne snakke med dei og by på ein kopp kaffi i hagen ein sommardag. Men den siste tida har dette snudd. «Alle» her veit kva som har skjedd og det å måtte leve med truslar om både dreping og knusing, er ikkje kjekt. Me skjønar også at dette er personar som treng hjelp og oppfølging, det er derfor dei bur i ein slik bustad. Spørsmålet er om dei får det, seier naboane til dei kommunale bustadane i Aksdalsvegen.
Les kva politiet og den psykiske helsetenesta meiner i papirutgåva.