Sett spaden i fotballbanen

Det går føre seg eit evig reguleringsarbeid på rådhuset i Aksdal. Når ein kommuneplan er utgått på dato, er ein for lengst i gang med den neste.

For folk flest er det vanskeleg å sjå føre seg at ein skal måtte planlegge og regulere store areal, som det ikkje skal gjerast noko med før om kan hende 20 år. Ein skal ta høgde for både folkevekst og for å tilfredstille dei ønskjer og krav som ein ser det er til areal allereie nå.
Med andre ord må me stole på at dei som sitt med desse langsiktige planane klarer å tenkje – nettopp langsiktig. For ein må vere litt «gal» når ein skal sjå føre seg eit Tysvær i 2033. Ein må uansett våge å tenkje annleis enn det som ein gjer i dag. Det har me sett i tenkinga bak Aksdal by.
Nå må det tenkast nytt på Frakkagjerd kor Skeiseid-utbygginga ligg som eit «Soria Moria» for både lokalpolitikarar og utbyggarar.
Me har fått tips, eller ein idé om ein kan kalle det for det, frå folk som bur på Frakkagjerd, ein idé me slett ikkje synest er dum. Den kan virke litt provoserande ved første tanke, men det gjer ikkje noko.
Tysvær kommune har eit arealproblem i området rundt Sysco Arena og Frakkagjerd barneskole. Dei har utfordringar knytt til areal når det gjeld elevvekst både på barne- og ungdomsskulen i åra som kjem, spesielt med tanke på Skeiseid.
Arealet ligg der nemleg, men det er berre litt vanskeleg å sjå. For det er for mange vanskeleg å sjå at ein fotballstadion og eit klubbhus kan bytast ut med kommunale bygg og parkeringsplassar.
Ideen er nemleg å grave opp det som er mellom ungdomsskulen og storhallen, flytte Stegaberg IL til andre sida av Høievegen og lage ein idrettspark der som både har nok areal til dagens aktivitet, men også til å ta imot tusenvis av ungar som i framtida skal ikle seg blå drakt. Dette er ikkje gjort i morgon og det er heller ikkje det som er meininga. Målet må vere å lage regulerings- og kommuneplanar i dette «tronge» området som gir fleire muligheiter til å planlegge på sikt.
At ein i dag snakkar om å lage ein ny kunstgrasbane pressa inn i området ved dagens kunstgrasbane, eller å sprenge vekk haugen mellom klubbhuset og storhallen, er for kortsiktig tenkt.
Å få samle skule og dei kommunale tenestene i dette området vil slik me ser det vere ein stor fordel for Tysvær kommune. Å få ein idrettspark på sør/vestsida av Høievegen vil kunne gi alle idrettane i ytre deler av kommunen ein framtidsretta kvardag. Og skal ein kunne få til dette må ein faktisk våge å tenkje denne tanken nå.
Om 20-25 år ser ikkje Frakkagjerd ut slik som i dag uansett kva me vil. Kvifor ikkje vere med å leite etter gode løysingar i staden for å la utviklinga styre oss.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør