Morten Bådsvik spelte ei sentral rolle då Skjold slo Buøy og Werner Hansen 5-1 i Grinde. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Morten Bådsvik gir seg med fotball. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Fullt fokus, full kontroll

Morten Bådsvik gav seg ikkje før dei hadde fem ny ballar i motstandarens mål. 5-1 over Buøy viste eit heimelag i medgang.

– Me har fullt fokus på det me skal uansett kven me speler mot eller kor mykje me leiar. I dag var det ikkje all verdas motstand, men likevel kjempa me til siste slutt og fleire ville ha seg ein skåring, seier kaptein Morten Bådsvik.
To skåringar blei det på midtbanekrigaren denne gongen.
– Helge (Risanger) har et fokus på det defensive og i dag såg me kor viktig det er. Me får med ein gong mykje meir kvalitet framover på banen. Det blir meir kontrollerte val i staden for at me berre «måkar» ballen framover. Dei fekk seg eit trøystemål, det var vel det einaste som ikkje var perfekt i dag, smilte Bådsvik.
Brian Risanger viste kvifor han er toppskårar allereie etter 18 minuttar då han pirka inn 1-0. Så var det Bådsvik ganger to. Mot slutten skåra Brian Risanger nok eit mål frå straffemerket før Vegard Steinsland skåra berre minuttar etter at han kom inn og fastsatte sluttresultatet til 5-1.
Skjold var best i alt og har nå tre strake sigrar på rad. Slikt blir det poeng av.

Fredagens Tysvær Bygdeblad er allereie sendt i trykken, men spelarbørsen frå denne kampen kjem i løpet av kvelden.

Meir om Skjold:
https://tysver-bygdeblad.no/2014/04/25/ustoppelige-brian/
https://tysver-bygdeblad.no/2014/04/12/15296/

https://tysver-bygdeblad.no/2014/04/07/skjold-tapte-2-1-mot-madla/

Faktaboks

Skjold 5 (2)
Buøy 1 (0)
4. div. avd. 3
Grinde stadion
1-0 Brian Risanger (18)
2-0 Morten Bådsvik (33)
2-1 Ørjan kristensen (53)
3-1 Morten Bådsvik (57)
4-1 Brian Risanger (str. 64)
5-1 Vegard Steinsland (77)
Dommar: Erlend Dalaker, Ferkingstad
Tilskodarar: 30

Skjold:
Håkon Bådsvik 5
(Eivind T. Rullestad frå 79.)
Oddbjørn Halvorsen 5
Jonas Risanger 5
Bjørnar Hompland 5
(Halvor Hansen frå 80.)
Daniel Aarås 5
Torgrim N. Eriksen 4
(Sander Hettervik frå 57.) 4
John Hettervik 5
(Sondre Bådsvik frå 80.)
Morten Bådsvik 6
(Knut E. Kringeland frå 80.)
Jarle Hundsnes 6
Brian Risanger 6
Hilberg Nemeth 5
(Vegard Steinsland frå 74.)