Trygve Hebnes har store planar for Grindeneset og Grindafjord feriesenter. Lang sakshandsaming for å skrive ut skjøte han treng for å starte opp arbeidet frustrerar campingverten.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Trygve Hebnes har store planar for Grindeneset og Grindafjord feriesenter. Lang sakshandsaming for å skrive ut skjøte han treng for å starte opp arbeidet frustrerar campingverten.

«- Det går for treigt

Det er nå ti månadar sidan Trygve Hebnes signerte kjøpsavtalen med Tysvær kommune. Framleis venter han på skjøte for å overta delar av Grindeneset.

Trygve Hebnes driv framleis Grindafjord Feriesenter og er frustrert over at det tar så lang tid å få på plass dei nødvendige papira som skal til for å kunne ta fatt på utbygginga av feriestaden.
– Eg skjønar at ting tar tid, men eg forstår ikkje heilt at det skal ta så lang tid å få laga til skjøte slik at eg kan ta dette med til banken og starte arbeidet med finansieringa av utbygginga. Me har dei siste åra hatt fleire gode møter med Tysvær kommune og vår næring skal vere eit satsingsområde. Får ikkje akkurat nokon kjensle av satsing når ein ser på sakshandsaminga i denne saka, seier Hebnes.
Interessert
Hebnes har ikkje seld feriestaden men det er fleire som er interessert og som vil utvikle Grindafjord slik Hebnes har planar om.
– Eg kan dessverre ikkje gå ut med namn, men slik eg har oppfatta at det er aktuelt å gå i gang med vidareutviklinga umiddelbart. Difor hadde eg håpa å kunne starta arbeidet nå før sesongen starta. Det klarte eg ikkje, nå må alt vere på plass og klart til oppstart umiddelbart etter sesongen, seier Hebnes.
– Har du fått ei kjensle av at dette er bevisst uthaling frå kommunen?
– Nei, men eg saknar å få signal om kva det er som gjer at dette drar ut. Og eg veit at eg slett ikkje er den einaste i Tysvær som ventar.
Arvid K. Seldal i Tysvær kommune har jobba med denne saka og skjønar at Hebnes ikkje likar å vente.
– Det som eg veit er at dette nå er inne i sluttfasen og at det er oppmålinga igjen før skjøtet kan lagast. Dette er ein gamal sak som inneheld fleire moment som har gjort at det har tatt tid. I tillegg er det eit stort press på denne delen av arbeidet vårt. Det er mange saker og det har vore vanskelege sakar, seier Seldal.

Les heile saka i papirutgåva

Meir om Grindafjord:
https://tysver-bygdeblad.no/2013/08/08/hebnes-legg-ut-grindafjord-feriesenter-for-salg/

https://tysver-bygdeblad.no/2013/08/15/byrakratiet-drep/