Bjørn Bruaset (t.v.) er konstituert som ny teknisk sjef i Tysvær. Då blir det internt opprykk i første omgang etter at Per Ørpetveit nå har slutta. Her er han saman med Inger Teodora Kvernø.
Arkivfoto: Mona Terjesen
Bjørn Bruaset (t.v.) er konstituert som ny teknisk sjef i Tysvær. Då blir det internt opprykk i første omgang etter at Per Ørpetveit nå har slutta. Her er han saman med Inger Teodora Kvernø.

Bruaset har tatt over

Bjørn Bruaset er konstituert som ny teknisk sjef etter Per Ørpetveit.

Dermed blei det internt opprykk, noko rådmannen har rett til, og som denne gongen kan virke som eit naturleg val. Etter fleire korte periodar med tekniske sjefar utanfrå vil Bruaset nå, etter det Tysvær Bygdeblad kjenner til, få både arbeidsro og tid til vise seg fram før ein evaluerar dette.
– Eg har vore stadfortredar for Per Ørpetveit, så når han gjekk av opna det seg ein mulegheit for meg til å overta stillinga. Som stadfortredar har eg etter kvart fått ein svært god oversikt over korleis teknisk sine avdelingar jobbar. Målet mitt nå er å opne skilja mellom avdelingane endå meir og utnytte den kapasiteten me har på best muleg måte. Eg er topp motivert for å gjere ein god jobb, seier Bjørn Bruaset.
Han har fått ein travel start på sin nye jobb og berre denne veka har han fått kjenne på kroppen kor mange møter ein teknisk sjef må gjennom.
– Eg har heilt klart eit mål om å redusere talet på møter. Her må me finne betre løysingar for ein skal tross alt også ha tid til å gjere ein jobb. Tysdag var det fem møter og det seier seg sjølv at det blir i meste laget, smiler Bruaset.

Les heile saka i papirutgåva

Per Ørpetveit sa opp:
https://tysver-bygdeblad.no/2014/02/05/orptveit-seier-opp/

Dagens leiar:
https://tysver-bygdeblad.no/2014/05/08/eit-klokt-val/