Ungar frå allidretten og miniputt sparka hol på ein stor sekk med ballongar. Dermed var banen opna. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ungar frå allidretten og miniputt sparka hol på ein stor sekk med ballongar. Dermed var banen opna. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Kunstgrasopning på Førland

Hundrevis av store og små, kampar, pølser og ballongslepp. – Dett er ein stor dag for klubben, men også for heile bygda, sa Bjørnar Måleng då han opna Førland sin nye kunstgrasbane.

Det var midt i blinken. Sola skinte frå klår himmel og spelarar frå Førland, Falkeid og Stegaberg fekk teste seg i kamp på den flotte kunstgrasbanen.
– Dette har vore ein fin dag og viser litt av akiviteten som er her. Det har vore heilt formidabel innsats frå me gjekk for å søkje om midlar til me i dag kan offisielt opne banen. heile bygda har stått på, seier Måleng.
Etter at kilovis med pølser og kasser med brus var borte, var det tilslutt på den store festdagen, en noko tvilsam kamp mellom leiarar i Førland og Falkeid.
Den kan du lese meir om i papirutgåva på torsdag.