Racin Tjøsvoll 
Foto: Mona Terjesen
Racin Tjøsvoll

Rusbustadar: Informerte aldri politiet

Politiet blei aldri bedt om råd då kommunen skulle velje plassering av rusbustadane. – Politiet anbefalar aldri narkomane busett i område med barn i nærleiken, seier lensmann Racin Tjøsvoll.

Av Mona Terjesen

Naboar til dei planlagde rusbustadane ved Aksdalsvatnet var i kveld invitert til eit møte med NAV, politiet, representantar frå kommuneadministrasjonen og politikarar. Rundt 20 personar møtte opp i kommunehuset, og dei hadde mange spørsmål som dei ønskja å få svar på; som kvifor kommunen har valt nettopp dette området for rusbustadetableringa, kva følgjer det vil ha for naboane – mest av alt ungane, og kvifor kommunen ikkje med ein gong informerte dei om at det er aktivt narkomane som skal bu i bustadane.
Representantar frå teknisk forklarte at området blei valt fordi det allereie er planert tomt der, med straum, vatn og kloakk. I tillegg ligg det nært bussforbindelse, butikkar og infrastruktur. Området må også vere transparent, altså synleg. NAV forklarte kva slags type menneske det er som kjem til å bu i dei mobile leilegheitane, og politiet snakka om kva følgjer tilflyttinga kjem til å få.
– Trafikken vil auke merkbart. Dei narkomane kjem til å både selje og kjøpe stoff. Kjøper dei inn store parti så vil dei bli kvitt det. Det må dei for å tene pengar. Dei som kjem til og frå bustadane kjem til å kjøre rusa og dei kjører gjerne utan førarkort. Politiet rådar aldri etablering av narkomane stader der det bur ungar i nærområdet, var noko av det lensmann Racin Tjøsvoll sa. Han fortalte også at politiet og politiets råd ikkje på noko tidspunkt er blitt kontakta av kommunen i samband med etableringa og plasseringa av dei tre bustadane.
– Er ikkje det unormalt? Spurte ein av naboane.
– Det ville vore naturleg om dei hadde nytta seg av politiets råd, nikka Tjøsvoll.
Dermed har altså ikkje kommunen verken informert verken politiet eller naboane om at det er aktivt narkomane som skal bu i nabolaget ved Aksdalsvatnet.