Svarteper, igjen

Det er mange gode tankar og idear om korleis livet skal vere i søre-Tysvær i framtida.

Dei siste åra har lokalbefolkninga tatt steget og engasjert seg både i lokalpolitikken, i skule og barnehage. Idrettslaget har utvikla seg frå å vere ein klubb på bygda, til å vere ein topp moderne klubb, som inkluderer mange idrettar – og dei aller fleste som bur sør for Aksdal.
Gong på gong dukkar det opp, det som i poker, ville bli kalla for «ei god hand». Det er fleire prosjekt som heng saman og totalt minnar om ein Royal flush. Bit for bit av området har komme inn i reguleringsplanar. Det har tatt tid og det har vore ei lang ventetid. Næringspark, T-samband, nye idrettsanlegg, skuleplanar, bustadområde og sentrumsplanar for Slåttevik. Det var endeleg litt opning for å få fart på Slåttevik-krysset, bygge ut barnehagen og å få større kyrkjegard.
Dei som hadde sagt ja til ei politisk karriere merka plutseleg at korta på handa begynte å få same farge og like symbol. Det begynte å nærme seg den tida i spelet kor ein skulle legge alt i potten og gå «all in».
Så ser det nok ein gong ut som om pokerspelet er byta ut med eit gamalt kortspel som heiter Svarteper, kor det å sitte igjen med nettopp Svarteperen er lite attraktivt.
For nå kjem det innspel til kommuneplanen som gjer at spesielt søre-Tysvær ser ut til å sitte med dette kortet. For når Vegvesenet skal bygge ny E39 frå Kristiansand til Bergen, er planen at denne vegen skal ha fire felt og ei fartsgrense på 110 kilometer i timen. Sjølvsagt skal den det. Dette er den nye hovudvegen som skal knyte Vestlandet saman og som skal ta imot E134 når den står ferdig bygd – ein gong langt fram i tid. For dette handlar om langt fram i tid, og ein vil ikkje gå i fella med å la småkommunar (som Tysvær) rote til på karta, og øydelegge for dei beste traseane.
Det trongaste området på «vårt» kart ligg i området Tysværvåg-Slåttevik-Mjåsund. Og akkurat der må det komme eit framtidig storkryss for å kople til T-sambandet. Når ein veit at bredda på den nye vegen, inkludert tryggingssona, er på 200 meter, og ein garantert ser føre seg fleire alternativ blokkerar ein alt i Tysvær, og spesielt søre-Tysvær, sine gode planar for framtida.
Eg veit dette svir for dei som bur i dette området. Ikkje berre fordi ein motorveg i nabolaget ikkje er det ein ønske seg mest, men heller fordi mange år med samling av gode kort på handa, visar seg å vere i feil spel. Likevel er dette kort som kan nyttast seinare, om ein nå tør stå opp og vere ein aktiv medspelar i det arbeidet, som er knytt til plassering av den nye vegen. Då kan Svarteper bytast ut med ei vinnarhand og draumane realiserst.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør