Svært glade Hegren-jenter. Frå venstre: Amira Glomsaas Kallevik, Stine Alvheim, Evy Yrkje og Tonje Heitmann. Dei har grunn til å juble etter helgas Bergens-tur. 
Foto: Kjersti Eide
Svært glade Hegren-jenter. Frå venstre: Amira Glomsaas Kallevik, Stine Alvheim, Evy Yrkje og Tonje Heitmann. Dei har grunn til å juble etter helgas Bergens-tur.

God grunn til jubel

Fire gode ryttarar frå sprangmiljøet i Tysvær kunne reise heim frå landstemnet i Bergen med store glis. Nå vil dei ha meir.

I tøff konkurranse med lag og ekvipasjar frå sør-fylket kjempa dei fire jentene seg lag- og singelmedaljar.
– Det var ei utruleg kjekk helg i Bergen kor me fekk til mykje og hadde akkurat den flaksen som må til for at hest og ryttar skal gjere det godt. Eg og hesten Danger Felix vann sist fredag vår klasse og kom oss over alle hindra på 90 centimeter raskast av alle. Det var heilt i nærleiken av full klaff, og me hadde full kontroll gjennom heile løpet. Har lov å bli glad av slikt, smiler Amira Glomsaas Kallevik, som også fekk med seg ein 3. plass.
Meir jubel
Det skulle ikkje gå lenge før det var meir å juble for. Både Stine Alvheim og Evy Yrkje fekk med seg 2. plassar heim.
– Me rei på Powerpoint og Corleone og var sjølvsagt svært godt nøgde med å lukkast i eit så stort arrangement. Det var svært tett, og Stine var faktisk berre eit halvt poeng unna sigeren. I denne konkurranseforma må me ha kontroll på alt. Heldigvis var me ikkje så nervøse. Hestane derimot merka at det var noko spesielt på gang, men det gjekk bra, seier dei to.
Tre av fire
Gjengen som trener på Skeiseid var likevel mest spent på lagkonkurransen, kor også resultata til Tonje Heitmann og hesten La Coeurn de la Mer kunne bli avgjerande.
Dei fire Tysvær-jentene var svært jamne og skåra godt. Til slutt var dei rangert som nummer tre og kunne juble over pallplassering i 3. divisjon. Og avstanden opp til vinnarane frå Sandnes og Jæren var ikkje meir enn fire og eit halvt poeng.
– Det er ein supergod prestasjon av ryttarane frå Hegren Rideklubb, seier leiar Laila Nemeth.
Etter konkurransen var det ein tydleg godt nøgd leiar som ville hylle dei fire jentene.
– Me trur det er viktig at me står saman som lag. Tre av oss er berre 13 år og Evy er veteranen på 21. Skal me bli betre, så må me trene og konkurrere saman. Me må lære av kvarandre, og me må sjå kva andre ryttarar gjer på stemner. I Bergen gjekk me og kikka og fekk ein del erfaringar med oss heim, i tillegg til premiane. Det er viktig for oss, seier kvartetten.
– Det skal dei ha desse jentene. Dei fungerer som eit lag og som ei eining når me er ute og representerer klubben. Her er det ikkje snakk om mitt og ditt. Er det ein som har eit problem er dei andre der med ein gong. Slik er eigentleg heile ryttarmiljøet, seier Marit Kallevik.
Ho er ei av dei friviljuge i stallen, og denne kvelden sjåfør for dei unge jentene.
I midten av juni er det muligheiter for revansje mot jærbuen. Då skal dei arrangere neste runde på heimebane. Dit skal jentene frå Hegren. På jakt etter meir heider.