Skjold a-lag 2015: Bak frå venstre: Hans Gunnar Hansen (lagleiar), Rune Lindanger, Trond Fjellet, Vebjørn Rullestad, Halvor Hansen, Aleksander Gundersen, Christian Askeland,  Sindre Herland, Bjørnar Hompland, Ole Johan Skare, Knut Erik Kringeland, Espen Helgeland, Hilberg Nemeth, Bjørn Arne Steinsland (trenar) og Dagfinn Fjellet (trenar). Framme frå venstre: Oddbjørn Halvorsen, Elias Jøssang Kerchaoui, Even Lønning, Vegard Steinsland, Bernt Olav Nådland, Gottfred Lindmann, Mats Steinsland, Ali Amir, Glenn Fjellet og Jonas Staurland.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Serieopning: Fredag er det alvor

Når 4. divisjon startar i kveld er ikkje Skjold favorittar til opprykk. Likevel blir det ikkje lett å få poeng mot dei i Grinde denne sesongen. Tre poeng bør vere muleg når Torvastad kjem.

Etter ein vinter kor motstanderane har vore vanskelege å tolke, men lette å slå, er det ein del spørsmålsteikn i notatboka til klubbens trenarduo.
– Me har vinne og spelt bra i mange kampar, men er usikre på kor god motstand det har vore. Nå har me vinne mot eit par 4. divisjonslag og det var godt å ha med inn mot den første seriekampen. Men å møte Torvastad i seriekamp, er noko heilt anna enn å møte Skudenes i ein treningskamp. Så me må vere skjerpa når me går på banen i morgon, seier trenar Bjørn Arne Steinsland.
Nøkkel
Skjold er på mange måtar eit heilt nytt lag i år, men samstundes mykje som før. Ballen går langs bakken og spelarane har fått lov til å spele litt meir fotball. Likevel er dei heilt avhengig av gode enkeltspelarar i alle ledd.

Me må få nok mål

– Og det har me klart å få fram. I forsvar har me både rutinerte folk og unge spelarar som er sugne på å vise seg fram. Framover er det fleire som har meldt seg på som målskårarar og det er viktig for oss. Me må få nok mål. Midtbanen blir ei utfordring. Der må me få den rette balansen, og heldigvis har me fleire gode spelarar å velje i. Så har me ein solid benk, med fleire som kan komme inn å bidra, både når folk er vekke på jobb, eller skada. Det ser bra ut, seier Steinsland.

Les meir om Skjold i vekas papiravis.

Kampstart i Grinde er klokka 19.00
Tysvær Bygdeblad på nett frå 21.00

Les også: https://tysver-bygdeblad.no/2015/04/06/overkjorte-skudenes-i-generalproven/

Faktaboks

1. serierunde:
Skjold – Torvastad
Djerv 1919 – Vats 94/Skjoldar
Avaldsnes – Haugar
Skudenes – Hinna
Sunde – Randaberg 2
Sola 2 – Vedavåg