Arild Riise i beste startspor i finale 3.
Foto: Jørgen Thuestad
Arild Riise i beste startspor i finale 3. Etter 5 rundar var det slutt.

Tvedt avslutta med 2. plass, Riise med problemer

Bjørn Tvedt avslutta dei tre NM-rundane i asfaltracing med ein ny 2. plass bak Olav Rygge. Arild Riise fekk problem med bilen og måtte gi seg etter fem rundar.

Arild Riise hadde beste startspor i den siste finalen, men kom ikkjje lenger enn til runde fem.
– Knekt bolt på bremsekaliper høgre foran. Kaliper lausna, fortel mekanikar Jørgen Thuestad.
Dermed blei det Olav rygge som fekk med seg heim to førsteplassar frå helgas løp. Tvedt ein siger og to andreplassar, medan Arild Riise fekk ein 3. plass og ein 5. plass ut av sesongstarten.

LES OGSÅ:
LIVE: 3. runde: https://tysver-bygdeblad.no/2015/05/10/riise-i-beste-startspor/
2. runde: https://tysver-bygdeblad.no/2015/05/10/bjorn-tvedt-fekk-revansje/
1. runde: https://tysver-bygdeblad.no/2015/05/09/1-nm-runder-er-over/
Før løpa: https://tysver-bygdeblad.no/2015/05/07/na-starter-kampen-mot-porschene/