Klar for fest?

Det er sommar i Tysvær, gradestokken viser allereie ti grader, og kommunen er klar for Midtsommarfest.

Programmet er fullpakka i kvar ei bygd. Konsertar, utstillingar, historiske hendingar og faktisk også eit sykkelritt.

Det er noko for einkvar smak, og sjølv om det kanskje ikkje er noko som fenger kvar dag, så er det lagt opp til at ein både skal kunne underhaldast, og å bli litt klokare dei neste vekene.

Midtsommarfesten startar i år med ei ny utstilling av Olav Nygaard. Kanskje den størte kulturpersonen me har i kommunen. Ein tur i foajeen i Tysværtunet er absolutt å anbefale.

Så kjem Ylvis til Sysco Arena. På den eine sida herleg musikalsk underhaldning servert av dei to musikalske bergenserane, men også ein sjanse til å vise at me vil ha storkonsertar i Tysvær. For etter at toppkonsertane forsvann, skriker Midtsommarfesten etter det litt spesielle som toppar plakaten. Då har publikum faktisk eit lite press på seg om dei vil ha meir av slikt. Og Ylvis er det vanskeleg å ikkje like, så folkens møt opp og la deg underhalde av den musikalske galskapen.

Historisk sett er opninga av Tollboden i Nedstrand årets hending. Etter mange, lange år er vernebygget nå klart til å huse den gamle tollstasjonen. Det bør bli ein folkefest på kaien i Nedstrand, for Tollboden kan og bør vere startskottet på endå fleire turistar til sommarbygda.

Programmet som me har trykt opp i spesialutgåve vår denne veka inneheld mange aktivitetar. Spørsmålet er om det kalde og våte forsommaren har øydelagt humøret vårt. Spørsmålet er om me er klare for fest. Det bør me vere, for eg trur at Tysvær med denne typen festival, har eit fint alternativ til dei andre festivalane rundt oss. Vil me ha musikk er det berre å ta turen innover eller utover. Vil me treffe naboen, så er Midtsommarfesten også perfekt. Det går i eit behageleg tempo.

Nokre vil seie at Midtsommarfesten er litt traust av seg. Det er for lite for born og ungdom. Dei kan ha rett i det, og ein skal faktisk leite litt for å finne typiske aktivitetar for dei yngste. Kor in det er med skumparty er vanskeleg å seie. Kan hende er det beste barnetilbodet folkefesten i Skjoldastraumen under Slusedagen. Ylvis er sjølvsagt også noko for dei yngste.

Uansett er det viktig at ein lokkar ungdommen med seg på dei arrangementa som er, for dette handlar også om framsnakking av eigen kommune. I ei tid kor kommunestrukturar er utfordra, så er kanskje ein slik fest som me nå drar i gong, eit lite døme på alt det positive me har.

Lykke til med festen, husk å kle deg etter vêret og ikkje årstida.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør