Svarte skyer

NM i friidrett i Haugesund var på mange måtar ein stor suksess. Tysvær henta heim to velfortente medaljar. Sprintaren Lars Jøran Storhaug frå Falkeid spurta saman med laget sitt Skjalg inn til ein sølvmedalje på stafett. Høgdehopparen Sindre Gelius Eikje frå Førre hoppa seg til bronse, og dermed fekk me igjen for å ha vore med våre to på NM-festen sist helg.

Resultatmessig var ikkje NM på det nye friidrettsanlegget noko for historiebøkene. Vanskeleg vêr, lureløp og fleire utøvarar som var langt frå toppformen, gjorde kampen om medaljane spanande.
NM var eit gigantopplegg. Funksjonærar i hopetal gjorde ein stor jobb med å få avvikla over 700 startar. Detaljer og teknikk som må virke. I tillegg ein betydeleg mengde med ledarar og utøvarar, krev sin kvinner og menn.
Om «me» berre stilte med to utøvarar var det svært så mange «tysværbuar» i det friviljuge mannskapet. Det viser at friidrettsfolket på Haugalandet står samla, noko som er heilt nødvendig om ein skal kunne ta på seg slike store arrangement.
Folk kosa seg, dei smilte og lo og fekk komme tett på mange av våre aller største friidrettsprofilar. I tillegg dukka det opp både NRK-kjendisar og andre, slik at autografjegerane også kunne gå for gull. Kort og godt var det eit verdig NM HIL hadde fått i stand.
Men siste dag av meisterskapen dukka desse mørke skyene opp. Ikkje på himmelen, men i avisene og på nyhendekanalar over heile verda. Nok ein gong er det doping det handlar om. Nok ein gong er det dimensjonar me ikkje skjønar omfanget av. 800 mistenkelege blodprøvar frå 2001 og fram til 2012. Ein av tre på pallen i dei store meisterskapa i denne perioden kan ha vore dopa.
Dette er milevis frå det me opplevde på nye Haugesund friidrettsstadion denne helga. Medan me venta på utdelinga av Kongepokalane blei det spøkt litt med at Doping Noreg haldt på å få sine urinprøvar av utvalte løparar på 10.000 meter. At det etter eit slikt løp ikkje er lett, skjønar dei fleste og smilte med. Men då dei ein time seinare skrudde på fjernsynet heime i stova forsvann smila.
Me vel å tru at Noreg også her er blant dei beste i klassen, men det er ting som tyder på at det norske folk begynner å få nok. Under våre timar på NM i helga, var det løpet til ein utøvar me reagerte på.
Erik Tysse gjekk 5.000 meter kappgang inn til eit suverent gull. For fem år sidan blei han tatt for doping og utestengt. Uskuldig, meiner han sjølv og mange trur han på det. Men i nokre hektiske kveldstimar var det uvanleg stille då bergensaren gjekk, runde på runde. Det kan ha vore tilfeldig, men frå der me sto var det som om Tysse ikkje fekk den støtta mange andre fekk.
Var det eit signal, var det tilfeldig, eller har me nordmenn framleis vondt for å takle doping. Nå kan me få mykje meir å takle.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør