– Det er imponerande å sjå kor stort arbeid dei friviljuge legg ned i eit slikt ritt. Nå begynner alt å komme på plass og me star ått med monteringsarbeidet i start/mål-området. I tillegg er kabalen knytt til vaktar og parkering på plass, seier Asbjørn Bakken i Falkeid IL si sykkelgruppe.
Laurdag er det tre klassar som skal i aksjon til og frå Troppene idrettsanlegg i Tysværvåg. Ungdomsklassen skal sykle ein 24 kilometer lang trasé. Så er det nyskapinga Steinsvik 24, som er den same løypa, men eit alternativ for alle som berre vil ha eit halv ritt. Hovudrittet blir som vanleg 56 kilometer.
– Me var gjennom løypa i går og det ser svært bra ut. Tørt og fast dei aller fleste stadane. Nå er det ikkje så mykje meir me kan gjere enn å ønskje ryttarane velkomne til start, seier Bakken.
– For seint å melde seg på for etternølarar?
– Nei, det går heilt fint, men nå hastar det.
Iver
For sykkelgruppa er samarbeidet med mellom anna hovudsponsor Steinsvik svært motiverande. Og ekstra stas er det at verksemda i år stiller med ein stor gjeng i dei godt synlege grøne draktene. Også Optimerea på Frakkagjerd har meldt ein stor og ivrig gjeng til start. Det same har Høgre med Trond Fludal i spissen.
– Eg er imponert over iveren som er der ute. Me har fleire påmeldte i år, enn i fjor. Så nå kryssar me fingrane for at alle får ein fin dag på sykkelen rundt om i Tysvær, avsluttar Asbjørn Bakken.
Desse er med og lagar til sykkelfest:
Ansvar:
Tidtaking/sekretariat/påmelding/prosjektleder: Håkon Andre Waage
Sikkerhet: Raymond Susort
Start/Målområdet, nettsideansvarlig: Einar Magne Storhaug
Barneritt søndag: Asbjørn Bakken/Frode Gamst
Trasse/Rittleder: Arne K. Høyvik
Mat og Drikke: Kristine Kvinnesland
Vaktansvarlig: Anne Marie Kvinnesland
Parkering: Tor Ivar Hetland
Kiosk: Håndballgruppa v/Gro Sørensen
Sikkerhet vei/trafikk: Jostein Milje