– Nei, kva skal ein seie etter ein slik kamp. Herleg å skåre fem og jakta på Dag Frode (Tønnesen) sin rekord på 36 seriemål i eins esong held fram, gliser Eskevik.
Mot Skånevik brukte han tre minutt på å nikke inn den første.
– Eg trur det var viktig for kampen. Elles kunne me risikert at dei låg lågt og berre forsvara seg. Me klarte å legg eit visst press på dei det meste av kampen, så me skal vere nøgde med dette, seier måljegeren.
Etter uavgjort sist var det også ein opptur for Stegaberg at Ølen avga poeng mot Ferkingstad. Rune Torstenbø si straffeskåring var det beste Ølen fekk fram på Karmøy.
– Først og framst er me nøgde med at me vinn, ikkje slepp inn mål og klarar å vere konsentrerte heile kampen. Eg som er frå Skånevik kjenner litt på det når dei slit med å stille lag. Dei speler for å ha det kjekt, og då er dei dessverre i feil divisjon. Me får håpe dei held sesongen ut, seier trenar Thormod NEss, som i dag lot Gabriel Kareem Nyland-Cisse og Tor Andre Eskevik få sine debuter på a-laget.
Full kontroll
Stegaberg hadde som resultatet tilseier full kontroll gjennom heile kampen. Ein gamal lokal kjenning, Torleif Tharaldsen , hadde rett nok eit par gigantsjansar, utan å skåre for gjestane.

Nå ventar Vedavåg 2 på Stegaberg, det er alltid like spanande. Kva lag karmøybuen stiller, er det ingen som blir kloke på.
Meir i papiravisa.
Stegaberg – Skånevik
Stegaberg 9 (4)
Skånevik 0 (0)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd stadion
1-0 Vemund Eskevik (3)
2-0 Eirik Frøyland (20)
3-0 Vemund Eskevik (str. 31)
4-0 Vemund Eskevik (41)
5-0 Vemund Eskevik (53)
6-0 Gabriel N. Johnsen (55)
7-0 Dag Frode Tønnesen (78)
8-0 Dag Frode Tønnesen (82)
9-0 Vemund Eskevik (86)
Dommar: Anfinn Birkeland, Djerv 1919
Tilskodarar: 35