Desse gode fotballjentene gav i kveld 1200 kroner til Redd Barna. Imponerande. Foto: privat
Desse gode fotballjentene gav i kveld 1200 kroner til Redd Barna. Imponerande. Foto: privat

Gav alt i kampen og alt til Redd Barna

I kveld har det vore toppkamp i J14-serien. Nedstrand tapte til slutt mot topplaget Nord 3-5, men gav alt dei fekk inn på kiosksalet til Redd Barna. Det er heimesiger det.

– Jentene våre spelte kamp mot serieleiar Nord jenter 14. Me leia ei stund 3-0, og gjekk til pause med 3-1. I andreomgang kom Nord sterkare og vann til slutt 3-5. Men me ligg framleis på andreplass, seier lagleiar Dag Tormod Milje.

Gav alt
Jentene på laget har eit stor hjarte for dei som ikkje har det like godt som dei.
– Laget bestemte at inntektene frå vaffelsalet, som me har på heimekampar skulle gå til støtte til flyktinger. Så i kveld overførte me 1.200kroner til Redd Barna. Bra engasjement fra idrettslaget, seier Milje.

Så i kveld var det berre vinnarar på kunstgraset på Nedstrand.