– Lukke til som ny ordførar. Harald Stakkestad (t.v.) og ordførar Sigmund Lier. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Lukke til som ny ordførar. Harald Stakkestad (t.v.) og ordførar Sigmund Lier. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Tysvær har fått ny ordførar

Like etter klokka 19 i kveld blei Sigmund Lier samrøysta valt som Tysvær sin nye ordførar for dei fire neste åra. I sin aller fyrste tale ønska han den nye kommunestyret lukke til i jobben med å styre kommunen. – Gratulerer med eit godt val alle saman. Nå starta jobben for oss alle, sa Lier.

Han takka også av Harald Stakkestad for den innsatsen har har gjort for Tysvær.
– Du har vore raus, vore tilstades og vore ein humørspredar. Nå ønskjer me lukke til med jobben i fylkestinget, og eg håper du dukkar opp her med jamne mellomrom. Takk skal du ha Harald, sa ordførar Sigmund Lier og overrakte ein bukett.
Ola S. Apeland blei samrøysta valt til ny varaordførar. Alle utval var avgjort på førehand og blei samrøysta godkjente.