Eivind Eidhammer gir seg som trenar i Falkeid. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Eivind Eidhammer gir seg som trenar i Falkeid. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Gir seg

Eivind Eidhammer og Falkeid skil lag etter berre ein sesong. Tor Gismarvik tar over a-laget i klubben.

Det skriv klubben på sine heimesider. Eidhammer hadde kontrakt også neste år, men er saman med klubben blitt einige om å avslutte nå på grunn av trenaren flytter lengre vekk frå Troppene..
– Eg skal flytte til Vikedal og da blir det for mykje kjøring, seier Eidhammer.
Tor Gismarvik er ein kjend mann i klubben, og har i fleire år vore trenar i aldersbestemte klassar. Han tar over frå 1. desember.
Falkeid rykka i år ned frå 5. til 6. divisjon.