Det å vere kommunesentrum, men likevel ikkje klare å skape den heilt store entusiasmen blant tysværbuar flest.
Men det nye året har starta flott med tanke på marknadsbygging og framsnakking. Meny Aksdal og eigar Birge Nymark kunne under ordførarens nyttårsmottaking fortent komme fram og motta sin næringslivspris. Det er for det første fortent og for det andre på tide. Pengemaskinen i Aksdal Senter har vore nøkkelen til at det framleis er liv laga for eit senter i Aksdal. Med ei omsetting på over 100 millionar kroner er ringverknadane store, ikkje berre i Aksdal, men for store deler av Tysvær.
Samstundes melder biblioteket og kinoen i Tysværtunet om rekordbesøk. Folk strøymer til og nyttar seg av eit tilbod, som er bygd opp over lang tid. Dei har begynt å tette igjen «lekkasjen» til dei same tilboda i Haugesund.
Så kan ein stille spørsmålet om kvifor desse tre lukkast på denne måten i ei tid med knallhard konkurranse.
Nøkkelord er slik eg ser det tolmod, kvalitet og kunnskap.
Dei har alle tre brukt mange år på å skape det kvalitetsproduktet, som ein i dag haustar av. Ein har tolmodig lagt stein for stein, prøvd og feila, for så å lukkast. Men kanskje viktigast av alt; dei har opparbeid seg den kunnskapen som skal til.
Derfor reknar eg med at Nymark, Rushfeldt og Simonsen villig deler ros med sine tilsette. Ingen av dei tre blir betre enn det svakaste leddet i rekka. Målet må vere at det leddet er så sterkt, at det knapt kan kallast svakt. Utanfrå ser det ut til at ein har klart å få til eit eigarforhold i verksemdene. Alle tre stadene treff ein stolte tilsette, som så gjerne vil at «kundane» skal trivast, og få noko igjen av besøket. Sjølvsagt har dei sine tunge stunder dei også, men eg vil påstå at desse tre har ein felles nemnar i arbeidsglede. I alle fall klarer dei å vise det.
For Aksdal er dette mykje meir viktig enn at Nymark kan henge eit diplom på veggen, og at kulturhusduoen kan smile når statestikk skal leverast inn. Det er gode døme på at det går ann å lukkast i sentrum. Me har sjølvsagt ikkje gløymt andre suksessverksemder, som Shell-stasjonen og fleire små og mellomstore butikkar med suksess i senteret. Men dei tre som denne veka har fått seg ein opptur, har gjort eit stykke jobb som eg har stor sans for.
Det å vente tolmodig på at kundane kjem. Det å ha fokus på at det ein leverer må halde høg standard. Og ikkje minst. Få dei tilsette til å virke som at dei har det kjekt på jobb.
Slikt smittar over på oss brukarar, spesielt me som ikkje bur i Aksdal.
Gratulerer alle tre med heilt fortent heider, gode tal og ei spanande framtid.
I Aksdal sentrum.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør