Redningskøytene i Noreg er blitt ein viktig del av kystkulturen vår. Dei som tenestegjør ombord kjenner kvar ein holme og kvart eit skjær. Dei farane me ikkje må treffe når me er på sjøen.
Solvik har etter kvart fått ei solid fartstid på slike båtar. Han veit kva som ventar når alarmen går. Han veit kva forventingar folk har. Me har fått oss større og raskare båtar. Me er fleire på sjøen enn nokon gong. Det går galt, og det vil gå galt. Det er på mange måtar desse redningsmenna sin jobb.
Grunnen til at me møtte Solvik var mellom anna denne jobben, som han er så glad i, og tydeleg stolt av å ha. Men det er også slik at Solvik og hans mannskap på Peter Henry von Koss blei valt ut til å hjelpe til i flyktningkatastrofen i Middelhavet. I sju veker har Solvik sjølv hatt kommandoen ombord, i det som har vore eit flott samarbeid mellom Redningsskøytene, politiet og dei andre involverte i denne tragedien.
Noreg sitt bidrag blir lagt merke til, og det kjem tydeleg fram, at sjølv i eit konfliktfylt område som dette, har det norske flagget på skip ein høg status. Dette er ein status som norske sjømenn har bygd stein for stein i generasjonar, og som norske myndigheiter har klart å halde i hevd. Me har eit godt namn, eit rykte me bør jobbe knallhardt for å halde.
Å høyre om kvardagen i Middelhavet, med dårlege flåtar, lik, sorg og fortvila menneske gjer inntrykk. Bilete frå fjernsynet lyg ikkje. Det er ein kvardag dei fleste av oss ikkje hadde takla.
Men for Solvik og hans kvinner og menn på skøyta, er dette noko dei må vere førebudde på. Dei må trene, snakke saman og gjere kvarandre gode. Her fekk dei teste ut all den kunnskapen, som eit langt liv til sjøs har gitt slike som Solvik. Og det skulle vise seg å vere kunnskap nok. Det er berre å gratulere med innsatsen, som framleis held stand. Gratulere dei som gjer at me i Noreg har redningsskøyter, som både har kapasitet og mannskap som fungerer under sjølv ekstreme tilhøve.
Og denne forferdelege arbeidssituasjonen gir alle dei involverte ein ny dimensjon, som dei nå tar med seg heim til kvardagen i norske farvatn.
Redningsskøytene er der for å redde folk, for å vegleie, og for å lære oss godt sjøvett. Ombord er det mannskap med forskjellig ballast frå hendingar me andre ikkje kan tenke oss kor ille er.
Og som Solvik så enkelt, men like vanskeleg forklarte oss; – Det er ein jobb, ein flott jobb.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør