Om det blir noko av dei har ingenting å seie. Me er like glade, og like raske med å bygge nye luftslott.
Det fine med luftslott er at dei er nesten gratis. Om ein då ikkje inviterer inn dyre arkitektar og konsulentar, så kan ein faktisk komme langt med ein kulepenn og eit A4-ark.
Eit fengsel i Aksdal er siste nytt. Det føyer seg inn i rekkja bak Vikingland, høghus i sentrum, ungdomsskule, kjøpesentersløyfer, miljøhus ved Bongsa, bussterminal, bru over Førdesfjorden, Skeiseid, diverse utbyggingar på Borgøy og andre stader, kor ideane er gode, men sjansen for å lukkast ikkje like opplagt.
Og kva er det som driv fram desse ideane?
Vel, det mest opplagte er at ein av og til lukkast. Sysco Arena, Skjoldhallen, kunstgrasbanar, vernebygget til Tollboden, og eit og anna bustadfeltprosjekt.
Og det skal ikkje stå på ideane. Ein må tenkje stort om ein skal få til noko, det er heilt rett. Skal ein satse i framtida, så må ein gjere nettopp det. Men det er fleire enn eg som nå stiller spørsmålet om ein ikkje bør prioritere å få landa nokre av desse luftslotta, før dei svevar ut av rekkjevidde.
Nå når ein endeleg hadde «landa» Aksdal-utviklinga med nye senterplanar. Nå når rundkjøringa, som skal vere så utruleg viktig for Aksdal er på gang. Nå når ein ny bussterminal skal komme på plass, og deler av teknisk si uteavdeling ved kommunehuset, skulle få sin rettmessige del av arealet i næringsparken.
Da ser det ut for meg/oss, som om det på død og liv må inn nye idear og planar. Då skal ein endå eit steg opp. Kva konsekvensar får planen/draumen om eit fengsel for bygginga av Eikeskogkrysset og Aksdalkrysset? Kor langt fram ligg det i tid før staten tar eit val om det er Tysvær som skal huse fangar, eller om det blir på Haugalandet i det heile tatt?
Eg håper det er nokon som noterer alle gode idear for Tysvær. Men eg håper også at det er nokon som snart står opp, og seier at nå er tida inne for å ha 100 prosent fokus på å ferdiggjere det ein er einige om, og kan gjere noko med.
Dei neste 10-20 åra på Haugalandet vil vere under eit sterkt press frå både nasjonale og regionale transport- og arealplanar. Det hastar å komme i gang med det som lar seg realisere, på tross av desse utfordringane.
Så får nokre av draumeslotta dessverre leggast i skuffa og vente på ein ny korsveg.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør